Anniken England

Slovensk oransjevin

Anniken England
Slovensk oransjevin

Vi beveger oss litt i det ukjente, denne gongen til Slovenia.

Etter å ha smakt vinane til Stekar ei rekke gonger er det alltid ekstra kjekt å møte menneska bak vinane. I mai var Janko Stekar sjølv med kona på Don Pippo i Bergen. Der presenterte dei vinane sine til ulike rettar.

Om du prøver ein eller fleire vinar til Stekar vil du merke at dei er svært aromatiske og nokre vil attpåtil la minnene dine vandre tilbake til barndommer. Fleire av vinane kan faktisk gi aroma av lim. Det er kanskje feil triggerord å bruke, men det er sant, og det er ikkje feil.

Det her er skikkeleg godt!

Variasjonen i rettar som vart servert til vinane var stor, det gjekk alt frå asparges til fisk, pølser med sylta agurk, wiener schnitzel med meir. Om du tenkte at det var berre kvit- eller raudvin som gjekk til mat, er sannheita at i nokre tilfeller er faktisk oransjevinar langt betre.

Om du tek turen til Slovenia, finner du ekteparet Tamara og Janko. Dei tok over vingården på slutten av 90-tallet. Omgåande starta dei med økologisk tilnærming, før dei sakte bevega seg til å bli biodynamisk sertifisering. Deira totale produksjon er på 20.000 flasker, noko som tilseier ein liten produksjon.

I Noreg har dei fått meir og meir oppmerksomheit med god grunn. Om du er nysgjerrig, test dei ut, og om du treng meir kjøt på beinet kan eg anbefale deg ein podkast.

Får med deg podkasten Folk og vin med Espen og Ove, dei har smakt seg gjennom alle vinane til Stekar og gir deg meir informasjon - som både er laust og fast.

Smaksnotat:

Stekar  Rebula  2017

Varenr. 7880301

Stekar Rebula 2017.jpg

Gyllen gul farge. Svært aromatisk nese med tydelig preg av mandler, hasselnøtter, eplekjerne, sitrus og gule eple. I munnen er den sødmefull, lang og med god konsentrasjon.

Terningkast:  5 I  Poeng:  88 I Pris:  229 kr  

Stekar  Re Piko  2013

Varenr.10013901

Klar oransje på farge. Svært aromatisk nese med tydelig preg av mandel, røde epler, aprikos og plommer. I munn er den tørr, lang, integrerte tanniner og med svært god konsentrasjon.

  Terningkast:  5 I Poeng:  89 I Pris: 288,40 kr  

Stekar lunch in the vines.jpg