Anniken England

Kan du tenke deg å bli vinbonde?

Anniken England
Kan du tenke deg å bli vinbonde?

Kva var din barndomsdraum?

Eg kan heldigvis berre smile av alle dei rare ideane eg hadde. Med Pippi som forbilde og eit ønske om å bli snekker vart det ikkje akkurat slik. No er det meir sannsynleg at eg hadde blitt vinbonde!

Vinprodusentane bak COS hadde heller ikkje planlagt å bli vinbønder. Opprinneleg skulle dei tre arkitektstudentane berre hjelpe Giustos far med innhaustinga av årets druer. Som nysgjerrige unge sjela var det ikkje nok å berre hjelpe til, dei ville også lage sin eigen vin. Vinen vart til under namnet COS, som representerte dei tre; Giambattista  Cilia,  Giusto  Occhipinti  og  Cirino  Stran.

Kort tid etter skaffa dei seg tre hektar med vinmark. Det var eit faktum, dei var på den tida Italias yngste vinmakarar.

Som unge og fattige studentar starta dei med enkle midlar. I begynnelsen foregikk heile vinproduksjonen i ein gamal garasje ved hjelp av hender og føtter. Fleire anbefalte dei å modernisere produksjonen av vinen, men spesielt  Giusto  ville ikke det. Argumentet hans var det dei lokale druene vart maskerte,   det unike jordsmonnspreget og særegenheita fekk ikkje kome fram ved framstilling av moderne teknikk. 

Etter nokre år starta dei med eit par amforaer, også kalla leirkrukker. Desse leirkrukkene vart fylt med vin og gravde ned i bakken. Metoden var ikkje ny, for tusenvis av år sidan tok dei gamle grekarane i bruk same metode.

 Lagring av vin i leirkrukker.

Lagring av vin i leirkrukker.

Fordelen med bruk av amforaer er at vinen modnast naturleg. Til motsetning av tretanninane som ein får frå eikefat, vil ein her få naturlege tanninar frå kjerne og drueskal. Saman ekstraherast dei sakte over nokre månedar, framfor ein kort periode som den gjerne gjer i eikefat, det gir vintanniner frå drueskall og kjerne.

Bakgrunnen for at du kan lese meir om vinprodusentane bak COS er fordi dei nyleg lanserte ein oransjevin på Vinmonopolet. Med bra trøkk, aroma og stil falt den i smak, difor vil eg dele den med deg.

Ver klar over at oransjevin er vin laga som raudvin, men som er kategorisert som “vanleg” kvitvin. Det betyr at du vil få tydeleg tanninar, struktur og generelt ein meir avansert vin eller om du kjøpte ein kvitvin.

Om du er på oransjebølga, prøv denne, om du er nysgjerrig på oransjevin kjem eg med fleire anbefalingar på fredag :)

COS Pithos Bianco 2016.jpg

Smaksnotat:

COS Pithos Bianco 2016  (Ordrenummer:  9240101)


Dyp oransje farge. Svært aromatisk nese med preg av nedfallseple, våt løv, voksog mineralitet. I munn er den tørr, lang, god syre og godt integrerte tanniner.


Terningkast  5 I  Poeng  87 I Pris 279,90 kr

cos5.jpg