Anniken England

Vinauksjon: GO

Anniken England
Vinauksjon: GO

Haustens fyrste auksjon!

Endeleg er ein ny runde med vinauksjon i gong, oppstart mandag 10.september kl.0900. Det betyr at vi ikkje berre skal tvihalde på nyheitene Vinmnopolet kjem med, men også kose oss med eldre og dei unike godbitane som er der ute. 

Har du sett nærmare på lista? Eg har lagt den ved. 

Ikkje mindre enn 855 objekt på til saman 1.546 flasker skal denne runden auksjonerast vekk. Blant desse består 80% av vin og dei resterande 20% av destillater, øl og andre alkoholholdige drikker. Den samla vurderinga på auksjonen har ein verdi på 2.199.000 kr. 

For å trekke fram juicen i auksjonen er det alltid kjekt å sjå kva prisane ligger på - før sjølve auksjonen har starta. I objekta finner ein flasker frå 150 kr og opp til 75.000 kr, det store spørsmålet er kva dei faktisk kjem til å gå for? 

Dei dyraste objekta er: 

  1. Romanee-Conti frå 2011 og 2012 til 75.000 kr 
  2. Montrachet frå 1978 til 36.000 kr 
  3. Ein kasse Chateau Latour frå 1988 til 35.000 kr 

Og sjølvsagt har dei 125 andre flasker som har ei vurdering på 500 kr eller mindre per flaske. 

Fordelinga av dei ulike objekta: 

  • Frankrike har 431 objekter, og som er landet med flest representert objekt. Det er Burgund, Champagne og Bordeaux som vi skal trekke fram her. Frå Burgund er det 223 flasker, der 79 er grand cru og 101 er premier cru. Fordelinga ligger på 81 flasker med kvitvinar og 142 flasker med raudvinar. Frå Bordeaux er det 176 objekter og som har ein snittalder på 37 år. Og sist, men ikkje minst er det 25 objekter frå Champagne! 
  • Italia stiller med 112 objekter. Hovudvekta er frå Toscana og Piemonte. 
  • Spania har 26 objekter, der ein kan vente seg modne flasker frå Rioja og fem objekt frå Vega-Sicilia. 
  • Portugal finner du 12 objekter med portvin og Madeira som har ein alder mellom 55 til 116 år! 
  • Tyskland er heldigvis også med. Blant dei 63 objekta vil du finne ei god spredning mellom alder, predikat og områder der Keller stiller sterkt. 
  • Brennevin er det 163 objekter, og der whiskey dominerer. 

I Bergen øser det ned i dag, difor er det berre ein ting å gjere, nemleg å nyte heile lista auksjonen har å by på! 

Du finner vinane til auksjonene her. 

God auksjon :) 

iStock-478631934.jpg

Praktisk informasjon: 

Auksjonsstart mandag 10.september kl.0900

Auksjonsavslutning dag 1: 19.september kl.1830 -Fokus: Champagne, Burgund, Bordeaux, Australia og Argentina. 

Auksjonsavslutning dag 2: 20.september kl.1830 - Fokus: Øl, øvrig vin, whiskey, Cognac, akevitt, likør og øvrig brennevin. 

 

For meir informasjon, les her.