Anniken England

Mista flyet til Spania, igjen.

Anniken England
Mista flyet til Spania, igjen.

Det slår ikkje feil at eg må bestille ny billett på veg til flyplassen. 

Er det mogleg å miste flyet igjen?  For det er ikkje fyste gong. Akkurat denne morgonen hadde eg stått opp tre timar før for å rydde heimen, vaske og gjere alt klart til returen. Likevel presterte eg å feilestimere tida til flyplassen som det sang. 

Det var ekstra viktig å nå dette flyet då vi hadde eit bryllaup å møte opp i. Flybussen brukte ikkje mindre enn 20 ekstra minutt ut av Bergen sentrum før han fekk fart opp på Flesland. Med ankomst 30 minutt etter timeplanen til Flybussen, var det langt etter lovleg tid for å sende bagasjen. 

Denne gongen hadde vi pakka svært begrensa, MEN vi hadde jo med oss bryllaupsgåve som var flytande. Då dama bak skranken kunne ikkje hjelpe oss (ho gjorde tross alt jobben sin), det var berre 30 minutt til flyet skulle gå. Ho var heilt bestemt på at det var ingen moglegheite. Vi måtte bestille nye flybillettar, sjølvsagt hadde ho ei rekke avganger å anbefale, men som gjekk til Malaga, Madrid eller Barcelona. 

Det er jo ikkje berre eit steinkast unna La Manga, som ligger søraust i landet, og hennas forslag ville tatt oss ein dag i reise - noko som ikkje var aktuelt.  

Som evig optimist hadde eg berre eit mål og det var å nå flyet. 

Utan å tenke stod vi i sikkerheitskrontrollen med bagasjen, sekk og veske. Heldigvis såg sikkerheitsdama desperasjonen i augo våre og slapp oss gjennom heile køen. Ho var rask og effektiv der ho røska ut alle bryllupsgåvene vi hadde kjøpt. Om vi skulle ha ein sjansen var det berre å gi frå seg alt. 

Og vi sprang. Det var like før eg kasta helane. 

Akkurat passe stressa, såg også neste dama, denne gong på gaten, innsatsen og forstod stykkvis kva vi skulle formidle og kvifor vi var SÅ seine. 

Vi rakk flyet akkurat, går det an å ha så griseflask? 

 Utsikta frå leilegheita, snakk om å vere heldig?! 

Utsikta frå leilegheita, snakk om å vere heldig?! 

Ved ankomst i Spania hadde vi alt av bagasje, men ingen gåve til paret. Kva ville du ha gjort?

Det er pineleg nok å innrømme at ein nesten ikkje rakk flyet og at ein attpåtil må låne bil for å komme seg til nokre butikkar for å kjøpe gåve. Hadde vi valg? Tja.  

Du skal få tips til bryllaupsgåve og vite kva vi kjøpte. 

Enn så lenge skal eg finne spekeskinke på butikken, tomater, skalldyr og ei flaske sherry. Det er ingen stader i verda som er så god som Spania på akkurat desse råvarene. 

 La Ina Fino i glaset. 

La Ina Fino i glaset. 

 Tomater, skjel og olivenolje - det er alt som skal til. 

Tomater, skjel og olivenolje - det er alt som skal til.