Anniken England

5 Champagne under 240 kr

Anniken England
5 Champagne under 240 kr

Verkeleg gode kjøp til halve prisen!

Endeleg kan du drikke champagne litt oftare. Og ikkje berre spare dei edle dråpane til dei spesielle anleningane.  

Vinmonopolet har holdt fokuset på dyr champagne, men ynskjer no å auke bredden på det rimlegare segmentet. 

Hittil i år har etterspørselen etter musserande vin auka med 8,5 %. Det gir Vinmonopolet grunnlaget til å redusere terskelen for dei som ynskjer bobler frå området, Champagne. 

Faktisk er dei fem nye champagnane rimelegare enn dei som er på TaxFree`en. 

Dei fem vinane kjem frå små familiebedrifter som ikkje nyttar store midlar på markedsføring og kan difor halde prisen per flaske lågare.   

Du kan no drikke champagne oftare! 

0186.JPG

1. Philizot & Fils Brut numéro 3

Lys på farge med aromatisk nase med preg av grøne eple og sitrus. Middels lengde i munn, medium fylde, fruktig og tørr. Delikat å drikke aleine, kan også fungere til enkel mat, som for eksempel spekemat eller skalldyr.

Pris: 233,40 kr  I  Varenummer: 10132001  I  Treningkast 5  I  Poeng 87

 

2. Diane De Chappotin Réserve Brut

Svært aromatisk nase med preg av grøne og raude eple, hint av nøtter og raude friske jordbær. I munn er den tørr, fin lengde og god mousse. Kan fungere godt til dei fleste rettar og er spanande introduksjon til champagne.

Pris: 234,50 kr   I  Varenummer: 10149701  I  Treningkast 5  I  Poeng 88

 

3. De Moncel Brut 

Aormatisk nase med frisk frukt. Den ber preg av gule og grøne eple, moden anans og nøtter. I munn er den tørr, fin lengde og god konsetrasjon. Kan gjerne drikkast aleine eller til enkel rettar. 

Pris:   I  Varenummer: 10205601  I  Treningkast 5  I  Poeng 88

 

4. Bliard-Moriset Blanc de Blancs Grand Cru Brut

Svært aromatisk nase med preg av gule og grøne eple, sitrus, mineralitet, moden anans og hint av gjær. I munnen er den tørr, god lengde og god konsentrasjon. Utvikla frukt, god vekt i midtpartiet. 

Pris: 238,10 kr  I  Varenummer: 10149101  I  Treningkast 5  I  Poeng 89

 

5. Tribaut Instant Gourmand Sec 

Preg av eple og søte bær på nasen. I munn er den lett, saftig og sødmefull. Boblene passar ypparleg til sterk mat eller sushi. 

Pris: 223,50 kr  I  Varenummer: 10204401  I  Treningkast 4  I  Poeng 83

 

Kven likte du best?