Anniken England

Prisantyding: 80.000 kr, det er tid for vinauksjon.

Anniken England
Prisantyding: 80.000 kr, det er tid for vinauksjon.

Må ein vere vinnerd for å bli med på vinauksjon? 

Vedlagt finner du kva for flasker som skal auksjonerast med startdato måndag 11.juni kl.0900. På denne auksjonen finner du både vin og brennevin. 

Med ein samla objektvurdering til kr.1.849.600 har du 896 objekt å velje mellom. Blant desse består to tredeler av vin og ein tredjedel av øl, destillater og andre alkoholholdige drikker. Det er Romanee-Conti frå 1972 som er det dyraste objektet på auksjonen og vurdert til 80.000 kr og Chateau Latour 2005 som er vurdert på 36.000 kr. Går du heim med ein av desse? 

Fortvil ikkje, det er rundt 350 flasker som har ein vurdering på 500 kr og mindre per flaske. 

I Noreg er billig vin dyrt og dyr vin rimeleg. 

Kva legger eg i det? Når vinane vert prissatt på Vinmonopolet har dei ei rekke avgifter som skal dekkast, variabelen er alkoholen og ingenting anna. Marknadsverdien har ingenting å sei, difor kan vi selje dyre vinar til langt lågare verdi enn dei ville ha kostnad utanfor landets landegrenser. 

Når det kjem til auksjon i Noreg har vi svært dyktige menneske som vurderer tilstandne på objekta, deira tilstand, potensial og med det setter ein pris. Om objektet er ein vin, vert den satt til takts og du er så heldig å kunne vere med å by allereie måndag 11.juni. 

Under denne auksjonen kan du forvente deg: 

  • Frankrike stiller med 384 objekter;
  1. Bordeaux står for ein tredjedel av all vin med ein gjennomsnittsalder på 30 år. Deriblant Mount Rotschild som stekker seg tilbake til 1949. 
  2. Burgund har heile 123 objekter, fordelt med 48 flasker kvite og 75 raude vinar. Her finner du totalt 30 grand cru og 60 permier cru. Og som du kanskje ser etter, finner du både Domaine de la Romanee-Conti og Domaine Leflaive
  3. Resten av objekta er fordelt mellom Champagne, Rhone, Loire og Sørvest. 
  • Italia har totalt 98 objekter med hovudsakleg tyngde på Piemonte og Toscana. Du finner deriblant enkeltvinmarksbarbaresco frå Gaja, Giacomo, Sandrone Cappello og Produttori del Barbaresco. Og når det kjem til Toscaba, sjå etter fleire modne supertoskanerer. 
  • Spania byr på 34 objekter der halvparten er modne Rioja frå kjende produsenter.
  • Portugal finner di 25 objekter med portvin frå gode årganger, og tru det eller ei, med ein snittalder på 44 år. 
  • I tillegg kjem det 283 objekter med brennevin, øl og destillater. 

Du treng så absolutt ikkje vere vinnerd for å vere med på auksjon, men gjerne interessert nok til å by. Eg er sikker på at du kjem over eit eller fleire råbra objekt, desse kan du enten nyte med det same eller samle vidare på. 

Så kva for objekt går du for?? 



P.S. Auksjonen startar i dag, 11.juni kl.0900

      Avslutning dag 1: 21.juni kl.1830 – franske og italienske viner

      Avslutning dag 2: 21.juni kl.1830 – øvrige vin, øl, akevitt, brennevin, likør og whiskey.