Sukker i vin?

Sukker i vin?

Er du oppteken av sukker i vinen din?    

I Noreg har det i mange år vore trend for å drikke tørre vinar. No er det nokre produsentar som leikar seg meir med kategorien halvtørr. Sødmen i vinen gjer det enklare å drikke vinen, og halvtørre vinar går langt betre til sterk, feit og salt mat. Tenk berre på vår tradisjonelle eller asiatisk mat.  

Test det ut!  

Om du er oppteken av sukkerinnhaldet i vinne kan du sjå oversikta eg har satt opp under. Den fortel kor mange gram per liten dei ulike kategoriane vil innehalde av sukker.   

La oss sette det opp litt enkelt, sjølv for meg går det i surr. Vin rangerast frå 0 til 220 gram sukker per liter, alt kjem an på stilen til vinen. 

 

Sukkerinnhald i dei ulike kategoriane:  

  • Tørr                        < 1 g/l   
  • Halvtørr             0 – 6 g/l    

  • Halvsøt            6 – 21 g/l   

  • Søt                 21 – 72 g/l  

  • Veldig søt   72 - 130 g/l  

 

Kvar kjem sukkeret frå?  

Skal vi eigentleg komme unna sukkeret når vi drikk tørre vinar? Ja, ein kan gjerne stille seg det spørsmålet. Restsukkeret (fruktose og glukose) kjem i hovudsak frå druene. 

Du skal vere klar over at billig vinproduksjon kan tilsette sukker eller druekonsentrat for å søte opp vinen, noko som gjer det enda viktigare for deg å undersøke kvaliteten til vinen du drikk.  

I utgangspunktet et gjæren opp sukkeret og ein står att med biproduktet etanol (alkohol). Det som definerer ein tørr vin er at gjæren har ete opp alle sukkerartane. I ein søt vin, derimot, stoppar gjæren før den har ete opp alt sukkeret. Slik kan ein også forstå kvifor nokre søte vinar ofte har lågare alkoholprosent. 

 

Merkar du sukkeret?  

Sjølv dei mest trente vinsmakarane har vanskeleg for å finne restsukkeret i vinen, men sjølvsagt kan ein trene seg opp til å identifisere også det.

Bakgrunnen for at det er vanskeleg å smake restsukkeret i vinen skuldast syra, og gjerne tanninane, i vinen.  

I fleire kvitvinar kan du bli sjokkert over sukkernivået som er der, fordi syra i vinen opprettheld friskheita og tilfører ei ypparleg balanse til vinen.  

 

Nokre køyrereglar:  

  1. Billegare vinar inneheld ofte meir restsukker, sjølv om det sjølvsagt finst unntak. Bakgrunnen for at desse vinane inneheld meir sukker er at dei som kjøper rimelegare vinar ofte ikkje har utvikla smaksløkane sine, og generelt vil vinar i denne gruppa bli laga med høgare sukkerinnhald i seg.  

  2. Kjøp betre vinar. Legg du litt meir i ei flaske vin, over 120 kr eller meir, betaler du i hovudsak for kvalitet og det mindre restsødme i desse vinane. NB. Hugs kva for vinstil du kjøper.  

  3. Drikk mindre. Sjølv om vin er fantastisk må sjølv eg som jobbar med vin til dagen halde eit moderat inntak, elles er det fare for å gå med promille store delar av døgnet. Har du eit moderat inntak av vin og held deg aktiv, er det heilt innafor med eit glas vin i ny og ne.  

 

Ver klar over at det er restsukker i dei fleste vinane, ja du kan komme forutan, men tenk heller på kva du vil nyte av vin og hald det til ein gang i blant. Då går det fint for alle!  

NB. Sjå kor flotte franskmenn er og der har dei eit avslappa forhold til eit glas vin til middagen.