Anniken England

vil du ha sommarens beste vinar?

Anniken England
vil du ha sommarens beste vinar?

Blir du stressa av å gå på Vinmonopolet?

Er det for mange vinar å velje mellom og derav vel du ofte den same vinen?  

Ver ærleg med deg sjølv; du vil vite kva som er gode vinkjøp, spesielt når det kjem til kvalitet og pris. La deg sjølv vere nyfiken og alltid tore å velje noko nytt. Få sommarens beste vinar (gitt pris, innhald, sukker og garvestoff..)

- WEBINAR SØNDAG 27.MAI KL.20.00 - 

Eg vil at du skal vite kva som er gode vinkjøp slik at nyfikna på å finne nye vinkjøp vil auke. Når du besøker Vinmonopolet vil du kunne leike deg mellom hyllene for å finne nye og god kjøp, framfor å alltid gå for bestselgaren, eller få anbefalt ein vin som ikkje passar meg og som kostar skjorta. 

For ville det ikkje vore digg å alltid vite kva som er den beste vinen til den beste prisen?  

IMG_1750.jpeg

Difor vil eg anbefale deg å prøve ut desse vinane:  

  1. René Clément Chablis Bonne Bouteille - Etiketten er kanskje ikkje spesielt fancy, men innhaldet er råbra. Det er ein tørr vin, med dei digge smør- og toastaromaane. Vinane er godt laga og prisen er det ingenting å seie på. Pris: 189,90 kr Karakter: 6  

  2. Dreissigacker Silvaner Trocken - er kanskje ein produsent du kjenner til? Fruktig vin med fine aroma av ananas, blomst, eple, sitrus og mineralitet, merkar du det? Lengda og syra er god, og denne kan du absolutt nyte i sommar. Pris: 150,40 kr Karakter: 6 

Eg vil også anbefale deg å få med deg alle sommarfavorittane neste søndag kl.20.00 på mitt Webinar.

Det blir råbra - alt du treng å gjere er å finne eit glas vin (om du vil), spisse øyro og få servert alle dei beste vinane og maten for sommaren.