Anniken England

Boblekupp til 17.mai (P.S. under 160 kr) 

Anniken England
Boblekupp til 17.mai (P.S. under 160 kr) 

Nasjonaldagen er like rundt hjørnet, og den skal feirast for store og små, på kvar sitt vis, sjølvsagt.  

Vi har ei lang og sterk historie i Noreg som ikkje er prega av å ha vore ein dans på raude roser, men det betyr heller ikkje at vi alltid skal legge ein dempar på gleda ein har ved å feire 17.mai. Det er dagen der alle kan stolt rope HURRA!  

Det er dagen der store og små smiler like mykje - Barna skal ete så mange is dei vil, mens dei voksne startar gjerne dagen med ein god frukost og bobler i glaset. Deretter møtest alle ute i gatene for å sjå på toget og saman feire nasjonaldagen.  

Så til dei vaksne, kva skal ein nyte i glaset? 

IMG-0206.jpg

Alt med måte, seier ho mor.  

Så, i min verd er det heilt innafor å ta på seg finstasen, dekke til frukost med varme rundstykker, pålegg av ulikt slag, eggerøre og sjølvsagt, pavlovakake. Rundt meg har eg mine favorittpersonar, dei eg så gjerne skulle sett oftare og som det difor er ekstra kjekt å kunne feire nasjonaldagen med.  

Til frukosten vert det servert bobler, men betyr det at ein må finne det beste av det beste for å starte dagen bra?  

Det er sååå mykje godt å velje mellom av bobler. Under finner du mine beste tips til under 160 kr. Eg vil også anbefale deg å ta med forskjellege eplemost til frukosten, Vinmonopolet har ei rekke forskjellege du kan ta med deg. 

IMG-0199.JPG

Mine beste tips under 160 kr:  

Biokult Pet Nat 2016

7480801-1.jpg

Beskrivelse: Leskande, saftig og frisk vin.

Pris: 155 kr

 

 

Pizzolato Prosecco Brut 

  • Beskrivelse: Tørr vin, fine bobler og aroma av pære. 
  • Pris: 134,90 kr

 

Follador Valdobbiadene Superiore di Cartizze Brut  

  • Beskrivelse: Krema, eple, sitrus og lett undermodna stil.  
  • Pris: 130,40 kr 

 

Francesc Ricart Traditional Brut  

  • Beskrivelse: Frisk, aromatisk og passar godt til mat..  
  • Pris: 140 kr

 

Plukk gjerne med deg ein av mine favoritt bobler til sjølvaste nasjonaldagen. Boblene treng ikkje koste skjorta for å passe til feiringa, men hugs at den gjerne kan vere halvtørr for å passe til med frukosten som gjerne er salt og ein fruktig dessert etterpå.  

Om du i tillegg stryk skjorta og legg fram finstasen - så er du klar for å feire nasjonaldagen.

Feir med måte og ha ein strålande dag. 

 

På forhand - HIPP HIPP HURRA!