Anniken England

Meinklang

Anniken England
Meinklang

Kyra smykkar etiketten: 

den er lett å hugse

og

lett å like.

millennials-eating-together-stunning-view-in-tuscany-italy-around-sunset_t20_WQdAoY.jpg

Kva for vin frå Meinklang er din favoritt?  

Stadig stiller du meg spørsmål om Meinklang, din facinasjon for produsenten gjer meg nyfiken.

Er det stilen, gamal vane eller sjølve produksjonen som gjer at du vel Meinklang gong på gong?  

 

Kort om Meinklang

I Austerrike finn ein familiegarden til Meinklang. Dei held ikkje berre på med vin, men dyrkar også frukt, grønsaker og korn, i tillegg til at dei driv kjøttproduksjon av svin og storfe – dei har ei holistiske tilnærming til vinproduksjon og drift av gard.  

Totalt kultiverer dei 70 hektar med vinmark etter biodynamiske prinsipp i ein liten landsby, Pamhagen, i Burgenland heilt aust i Austerrike.

Det er det unge ekteparet Angela og Werner Michlits som har ansvaret for vinproduksjonen, ein produksjon som består meir eller mindre halvt om halvt av kvite og raude druer. Og med 800 anguskyr surrande rundt på garden vert den biodynamiske sirkelen fullført.  

Heile garden er stor med totalt 1500 hektar. For å halde orden på sine områder er det Werner sine foreldre og brør som tek seg av oppdrett av storfe og svin, i tillegg til dyrkinga av mais, korn og solsikker. Slik kan Angela og Werner konsentrere seg fullt ut om vinproduksjonen.  

Allereie på starten av 1990-talet la foreldra til Werner om til økologisk jordbruk. Det har teke tid, men i dag er vingarden både økologisk og biodynamisk sertifisert (Demeter).

Og ikkje nok med det, sidan 2004 har vinane også vore heilt veganske.  

 

Kvifor ku på etiketten?   

Ein ting er å tru at det å kjøpe ein økologisk eller biodynamisk vin er bra, ein anna ting er å forstå kor mykje meir arbeid det inneberer å følgje alle lover, reglar og faktisk halde vinrankane friske.

Difor er det heilt naturleg å ”heidre” dei 800 anguskyra som gjer det mogleg for familien å arbeide 100 prosent bærekraftig.

På mange måtar vert kua sjølve symbolet på eit fruktbarheitssystem – då det er gjødsla frå dei som lagar den næringsrike komposten til markene.  

pexels-photo-248337.jpeg

I klang med naturen.. 

Det er ikkje rart at ein drikk vinar frå Meinklang med godt samvit - om du ikkje allereie har gjort det kan du i alle fall gjere det no etter å ha fått ei introduksjon til familieverksemd. 

Ikkje nok med det, vinproduksjonen deira er av ypparste klasse, faktisk innan alle kategoriane; musserande, rosé, kvite og raude vinar.

I mange år har eg følgt med på dei og eg kan ikkje minnast ei dårleg oppleving – noko som er nærmast unikt.  

 

Anbefaling på tampen:  

Om du ikkje kjenner til produsenten, eller aldri har smakt vinane, bør du gjere noko med det. 

Her kjem ei anbefaling til kva du skal prøve:  

 

  1. Meinklang Prosa til 165 kr – Er ypparleg til dei varme kveldane vi no går i møte. Den er frisk med raude bær, blomster, fine bobler og god lengde. Med sin rosa farge er det vel ingenting som kan slå feil? 

  2. Meinklang Grüner Veltliner til 149,90 kr – Er deira enkle kvitvin som er tørr, aromatisk og råbra. Her får ein mykje vin for pengane med smak av eple, sitrus og krydder. Server gjerne vinen til lyst kjøt eller fisk.  

  3. Meinklang Burgenland Red til 143 kr  - Ein av deira raudvinar som er saftig med nydeleg innslag av raude og mørke bær, krydder og urt. Med sin fine friskheit og passe mengde garvestoff kan ein like godt drikke den åleine som til lyst kjøt, som til dømes ei fin høns.  

 

Så, Meinklang er ein favoritt kommen for å bli.