Kva er NATURVIN? 

Kva er NATURVIN? 

Er du lei av å ikkje forstå kva som ligg bak enkelte omgrep? Naturvin er kanskje eit dei?  

Fortvil ikkje, vi tek ein enkel, rask og informativ gjennomgang – og best av alt; eg gir deg mine favorittnaturvinar som du kan begynne med, anten du er ny eller rutta på området.  

Naturvin er på ingen måte lett å forstå seg på då det er eit ope konsept utan klare lover, regler og rammer.  Med mangel på lover  blir tolkinga og oppfatninga av  vinane  kasta ut i lufta utan klar retning for kvar den skal lande. Det resulterer også i ei rekke ulike stilar, aromar og bruksområde.  

Vi skal ikkje mange år tilbake i tid før vi finn det spede opphavet til omgrepet naturvin. Etter  starten  i Frankrike for vel 30 år sidan, har fleire tatt i bruk den gamle  metoden for å produsere vin på.   

agriculture-clouds-countryside-943700.jpg

 

Kva er naturvin?   

Vi har klare definisjonar og retningslinjer for kva som kjenneteiknar ei rekke ulike kategoriar innan vin. Det gjer det  i utgangspunktet  enkelt å  forholde seg til, men dessverre er ikkje alle kategoriane like klart definerte.

 

La oss ta ein kort gjennomgang:   

  • Konvensjonell  vinproduksjon er den kategorien majoriteten av vinar ein finn på Vinmonopolet tilhøyrer. Det er tillate å sprøyte markene, tilsette vinane ei rekke tilsetningsstoff og å bruke eik.   
  • Økologisk  vin er eit omgrep som blir flittig nytta, men der definisjonen er noko uklar. I vinmarka er det ikkje tillate å bruke sprøytemiddel eller kunstgjødsel,  anna enn koparsulfat. Det er  derimot  lov med tilsetningsstoff etter plukking, som for eksempel sukker, industrigjær, enzym, akasiegummi og syre for å skjule dårleg kvalitet.   
  • Biodynamisk  vinproduksjon  tillèt også tilsetting av industrigjær, men  har elles ein langt strengare framstillingsprosess. Vinen skal vere Demeter-sertifisert, der vinen blir sett på som eit eige økosystem,  og der  Rudolf Steiners antroposofi er lagt til grunn. Det som spesielt skil økologisk og biodynamisk vinproduksjon, er at sistnemnte følgjer månefasen og tek i bruk eldgamle teknikkar. Ein av teknikkane er å grave ned eit  kuhorn  med kumøkk i jorda når våren kjem, for blant anna å styrke pH-verdien og stimulere til liv ved å fremje nitrogenopptaket i jorda.   
  • Sist, men ikkje minst, skal vi ta føre oss  naturvin. Å meine noko bastant om kva som definerer naturvin er som å stikke handa inn i et vepsebol. Med dei utallege mange tolkingane som er der ute bør ein helst trø varsamt. Her finnast ingen klare lover og regler, men tanken er at produksjonen skal byggje på naturlige prinsipp. Det vil seie at drua som regel blir dyrka utan bruk av kunstgjødsel, kunstige sprøytemiddel eller tilsetting av svovel, og at produksjonen kan være sertifisert som økologisk eller biodynamisk.  
  • Eit meir handfast omgrep er naken vin: Naken vin blir laga av druer som er spontanfermenterte  utan  tilsetningsstoff som gjærsopp, tjukningsmiddel  eller  sukker, og utan fatpreg.  
couple-fun-lunch-picnic-wine-together-happy-youth-afro-smartphone_t20_XQAQOz.jpg

Interessa for naturvin  

Det er ikkje lenge sidan  naturvin omgrepet  oppstod, og det har sitt opphav som ein reaksjon framfor ei trend. I store deler av Europa ønska ein på 60-70-tallet å effektivisere jordbruket, og for å auke produksjonsmengda vart det då teke i bruk  store mengder  sprøytemiddel.    

I vinområda Loire og Burgund var det ei rekke skikkelsar som reagerte på dette kvantitets fokuset i jordbruket. Ein av desse var Jean Pierre  Robinot. Framfor å late sprøytemiddela flyte fritt, ønska desse vinbøndene å skifte fokuset i retning mot økologisk- og biodynamisk produksjon.   

Deira mål var å produsere ”feilfri” og stabil vin heilt utan sprøytemiddel og tilsetting av svovel. Svovel blir nemleg, av mange vinprodusentar, tilsett for å legge til rette for eit meir langsiktig produkt som egnar seg betre til lagring.  

Dei moderne naturvinprodusentane bruker den gamle teknikken i sin produksjon og gjer alt for hand. Denne gamle metoden inneber i korte trekk at ein let naturen styre druene, gjer arbeidet for hand og tilset lite mot ingenting. Det betyr at vi sit igjen med eit produkt som er rein druejuice, og  at produksjonen  i større grad tek vare på  naturen som vi skal leve i harmoni med.  Nokre  vil stille seg spørsmål til korleis ein då kan forsvare transport av naturvin mellom ulike land med påfølgande utslepp  og forureining, og om ein då verkeleg kan kalle det naturvin lenger.    

Det som uansett er sikkert, er at denne  metoden å produsere vin på slett ikkje er nokon revolusjon, men heller ein kjent metode som var i bruk  lenge  før ein begynte å snakke om naturvin som fenomen.   

millennials-eating-together-stunning-view-in-tuscany-italy-around-sunset_t20_WQdAoY.jpg

Prøv desse vinane om du er ny på naturvin: 

  1. Bobler: Alta  Alella  Laietà  Gran  Reserva  Brut Nature er ein liten familieprodusent rett utan for Barcelona, i byen Alella, som har drive med vin i 20 år. Aromatisk nase med preg av  floralske  tonar, grøne eple, nøtter, snev av smør og  mineralitet. Fin mousse, syre, lengde, konsentrasjon og aroma. Flott opning og  eit  midtparti med aroma av  mineralitet, grøne eple, nøtter, urt og blomster. 

Pris:  230,80 kr. Terningkast: 5 Poeng: 88.  

  1. Kvitvin: Wageck  Schützenhaus  Riesling  Trocken. Svært aromatisk nsae med tydeleg friskheit frå lime med fersk ananas, rips og eple. I munnen har den fin syre, lang, god konsentrasjon med fine aroma av mineralitet, eple, ananas og hint av urt. 

 Pris: 249,90 kr.  Terningkast: 6. Poeng: 91 

  1. Raudvin: Le Naturel har vore ein klar favoritt i fleire år. Det er ein saftig, frisk og fruktig raudvin som er ypparleg å drikke åleine eller å ha til reine rettar. Prisen er det ingenting å seie på, og blant dei mange naturvinane er vinen slett ikkje vanskeleg å tolke. 

Pris: 164,90 kr.  Terningkast: 6 Poeng: 90 

  1. Raudvin: Robinot Le Regard 2015 er ikkje berre ein saftig og digg raudvin, men den er endå betre enn året før. Den er fruktdriven, strukturert og kompleks. 

Pris: 340,00 kr. Terningkast: 6 Poeng: 91 

 

Vil du lese meir?

Ein av mine favorittprodusentar er legenda Robinot som held til i Loiredalen, du kan lese meir om han her.