Next up: Germany

Next up: Germany

Er det tabu å vere dedikert?  

Ferja var på storleik med den vi tok i Afrika, tenk, vi skulle berre krysse ei lita elv, akkurat som denne her i Rheingau. Forskjellen var sjølvsagt temperaturen, fargane, insekta og fleire menneske som bar på døde dyr i Afrika. Det ser vi ikkje her i Tyskland.  

I land på andre sida, etter ein ferjetur som tok oss knappe 5 minutt, er det tradisjonelle tyske hus, gater, skilt, ja, akkurat slik det skal vere her. Eg veit at vi har atter ein ny dag i vente med nye vinar, smakar, kunnskap og detaljar eg vil få med meg.  

twenty20_44825c71-1a40-4546-8695-3f0074d72a55.jpg

Samtidig tikkar det inn meldingar frå venninner som kort oppsummert formidlar; ”det er helg, kva moro skal vi gjere? Vin, mat, hygge og sjekke dansefoten?”  

Klumpen er ikkje lengre like hard då desse meldingane tikkar inn. Om dei no har forståing for mi prioritering eller om dei ikkje lengre regnar med meg, veit eg faktisk ikkje.  

Å vere dedikert med jobb er tabu, men det begynner heldigvis å blir meir akseptert. Det betyr ikkje at majoriteten no nikkar og har forståing, men ein treng ikkje lengre få den same harde reaksjonen ”det er sikkert berre ein fase i livet”.  

Poenget mitt i dag er ikkje å diskutere kva som er rett eller ikkje, men heller å få fram at det er lov å dedikere mykje, eller all, tid til jobb, om det er det ein brenn for.

Å ha eit godt forhold, både til ein partner og til venner, krev at ein set av tid, energi og at ein er lutter øyre. Ein kan ikkje krevje at alle skal forstå at ein ikkje er like tilgjengeleg, prioriterer det same eller kan stille når som helst. Det betyr heller ikkje at ein ikkje ynskjer å vere ein god venn når ein fyrst er der.  

Å prioritere er å ta eit val, val om å bruke tida si på det ein helst vil. Eg skjønnar at vi skal ta omsyn, men i botn blir vi fødde åleine og vi skal dø åleine, og det å bruke heile resten av livet på å please andre er ikkje mi rolle.  

Aldri har eg vore den personen som hadde interesse av å henge med venner ofte og mykje. Det kravde for mykje av meg og eg måtte til slutt innrømme for meg sjøl at det som gjer meg mest glad, er å dedikere mykje tid på mi lidenskap, nemleg jobben.  

For mange, spesielt kvinner, trur eg denne problemstillinga ofte kjem opp. Kvifor kan ikkje vi også gjere som menn har gjort i ei årrekke? Leve og ande for vårt felt?  

Når eg då får eit spørsmål om å reise fem dagar til Tyskland over ei helg, har eg ingen problem med å rydde kalenderen og reise. Dei avtalane som må følgjast opp legg eg til rette for.  

Til alle der ute som vil dedikere store deler av tida si til sitt område, det ein brenn for og er lidenskapleg oppteken av; gjer det utan å få dårleg samvit. Gled deg over at du har moglegheita til å gjere akkurat det du gjer, kvar einaste dag.  

twenty20_da62ca5b-3606-4d39-910b-874e1079e9f3-2.jpg

MEN, ikkje gløym dei nære og kjære, dei betyr langt meir enn kva ein er klar over, så når du fyrst er med dei, ver tilstade, ver interessert i kva dei held på med, ta fri og server ein god vin til.  

I desse vekene held eg på å utvikle mykje vinsnadder til deg, både anbefalingar og triks du kan plukke opp.  

Kva med å begynne med desse fire stega for å bli ein vinkjennar?  

Sjå videoen ved å legge inn namn og e-post!