Anniken England

Kongekrabbe til lunsj? 

Anniken England
Kongekrabbe til lunsj? 

Det er lenge sidan vi har sett kvarandre, alt for lenge sidan, faktisk.

Tida flyr og sanninga er at vi gløymer kvarandre, ikkje fordi vi ikkje bryr oss om kvarandre, men fordi vi er oppslukt i alle andre gjeremål.  

Du kjenner deg sikkert igjen,- vi har det så himla travelt.  

Aldri kjem du til å kaste dine gjeremål til sides, du er for målretta og pliktoppfyllande. Alltid med augo på målet. Det er difor eg diggar deg, du er så klar på kva som skal gjerast og kva du skal få til.  

Inga tvil - Du er RÅ!  

Ekstra kjekt er det når vi kan dele eit måltid ilag, sjølv om det berre er for ein lunsj. Samtalen er alltid like god,- det er så mykje som skal seiast på kort tid.  

Til lunsj skal eg servere deg kongekrabbe, for til deg er berre det beste godt nok! 

IMG-0259-2.JPG

Ein luring kviskra meg i øyra; ”den skal grillast”. Vanlegvis ville eg anten ha kokt eller gratinert kongekrabben, men nyleg fekk eg den grilla – magisk! Aldri har det salte, konsistensen og aromaen komme meir fram.  

I glaset skal vi drikke ein kvit portugisar, nemleg Frei Gigante.  Fyrst skal ein sjå, så lukte, og så smake på vinen. Den byr på gule frukter med hint av mango, voks, mineralitet og toast på nasen. I munnen er har den fyldig frukt, er tørr, lang og med ei fin fylde.  

Med sitt opphav frå Pico-øya i Azorene, er det fasinerande korleis vinstokkane kan vekse på øyas fruktbare vulkanske jord, samtidig som dei overlever dei friske vind- og regnskyene som skyller forbi Atlanterhavet.  

Vinen er laga på 100% handplukka arinto-druer. Tru det eller ei, men vinen har 14 prosent alkohol, noko som ikkje er merkbart i det heile då frukt, syre og kropp er godt integrert.  

Saman med den grilla kongekrabben går dei saman som hand i hanske. Balansen og konsentrasjonen er til å ta å føle på, det salte og det røykte utfyller kvarandre med den friske frukta frå vinen og fedmen i munnen.  

Skal vi ta ein lunsj saman ein dag?  

IMG-0261-2.JPG