Betydinga av rett glas 

Betydinga av rett glas 

Kva for glas føretrekk du å bruke? MÅ du ha ein spesifikk type til vinen din?  

Etter fullført sommerlierutdanning kom det ein krass beskjed frå mi mor om at eg aldri skulle klage over glasa eg fekk hjå andre eller at eg skulle briljere med noko snobberi der.  

Enten føresåg ho kva som kunne skje, eller så ville ho berre ikkje at eg skulle klage på at ho nytta krystall heller enn noko anna.  

Snobberi eller ei, vinglas har faktisk alt å seie. Glasprodusentar som Riedel, Zalto og mange andre har forstått dette. Det har resultert i gjennomtenkte, gode og stilfulle glas. Om ein verkeleg vil ha den maksimale smaksopplevinga av ein vin, så handlar det faktisk om å finne rett glas til vinen.  

Champagneprodusenten Krûg spurte glasprodusenten Riedel om dei kunne lage eit glas til dei som både var fint og som gav ei ekstra oppleving av vinen.  

Det er slett inga enkel prosess dei nyttar når eit nytt glas skal skapast. Ambassadøren til Riedel på vinmessa Prowein kunne fortelle om at dei for kvart glas som vert produsert har ein workshop der dei går nøye igjennom kva for druetype vinen er laga av, kva form glaset bør ha etc. for å få det absolutt beste resultatet.  

Funksjon er langt viktigare enn design, og her er det spesielt tre punkt ein fokuserer på:  

  1. Volum

  2. Overflate  

  3. Diameter  

pexels-photo-220990.jpeg

Vinglaset har til føremål å få fram det beste i vinen, ved å styre kvar druejuicen treff tunga slik at ein får rett syre, frukt og oppfatning av tanninar.  

For å få ei betre forståing for kva betyding glaset hadde tok eg "testen". Fyrst testa eg ut kvitvinsglas med to forskjellige druer, før vi tok fatt på raudvin med tre forskjellige glas og tre forskjellige druer.  

Kvitvinstesten tok utgangspunkt i to glas der den eine var tilpassa drua riesling eller ein eika chardonnay; to druer og stilar som er svært kjente.  

* * *

  1. Riesling: Det kom klart fram at rieslingglaset fekk fram ei betre frukt og balanse i vinen laga på drua riesling, medan den eika chardonnayen opplevdes langt meir bitter, med grøne aroma, syrerik og generelt ubalansert i det same glaset. 

  2. Chardonnay: Over i chardonnayglaset opplevde ein vinen med riesling meir aromatisk på nasen og ubalansert i munnen, medan chardonnayvinen kom til sin rett i dette glas. Eiken framstod nøyaktig, integrert og balansert.  

* * *

Er det verkeleg slik at ein må ha det rette glaset til den rette vinen? Det kan fort bli dyrt og krevjande med tanke på plass.  

Når eg er på smaking har vi alltid eitt enkelt glas til alle vinane. Med andre ord får alle vinane det same utgangspunktet.  

Det betyr at du kan bruke akkurat det glaset som passar deg best, men du skal vite at med det ”rette” glaset vil ein oppleve vinen sine gode sider langt betre.  

Sjølv måtte eg spørje representanten for Riedel om dei hadde eit universalglas. Det meinte han det var umogeleg å ha, men eit glas han bruker på majoriteten av smakingane er Syrah (6449/41). Dette kunne ein likevel ikkje kalle eit universalglas, men snarare eit kompromissglas.  

Om du er nysgjerrig på akkurat dette temaet, samanlikn ein vin du har i to ulike glas; er det ein forskjell? Og kva for glas føretrekk du? 

* * *

Kva med å bli ein vinproff i vennegjengen? Det er mogleg, tru meg! 

* * *