Anniken England

mai-nyheiter på vinmonopolet

Anniken England
mai-nyheiter på vinmonopolet

Har du 1 minutt?  

Ny smaking i Oslo vart gjennomført i går og fleire godbitar er i vente på Vinmonopolet. Er vi ikkje heldige?

Her er godbitane du bør få med deg, på fredag 4.mai er dei i hyllene. 

 

Dei beste musserande vinane:  

Etter ein kjøleg og lang vinter er det yttarst på tide med vår og ein smak av sommar. Du skal sette av tid til litt vin, gjerne til fisk- og skaldyrrettar. Her er mine beste kjøp: 

  1. Le Rive de Nadal 1 til 165,50 kr - Digg å drikke! Kan gjerne servere med enkel mat eller nye aleine.
  2. Cecilia Brut NV til 175,50 kr - Meget digg. Kan gjerne drikkast aleine eller til fisk og skalldyr.

  3. Hunter's MiruMiru Non Vintage 200,40 kr - Meget bra. Passar aboslutt til dei fleste mattypar, også vil den handtere krydder og kjøt. 

 

Dei beste kvite vinane:  

Er du einig i at nokre personar berre imponerer deg, utan at du heilt klarar å sette fingeren på akkurat kva som gjer det? Ikkje gi slepp på dei, dei er som regel der for å gi deg ein frisk pust og nye innspel. Desse går også inn under denne kategorien.   

  1. Edelbauer Gruner Veltliner DAC Kamptal til 159,80 kr - Godt kjøp, kan drikkast aleine eller til enkel mat.

  2. René Clément Chablis Bonne Bouteille til 190, 30 kr - Meget god vin. Tørr, feit vin som er innafor gitt pris.

  3. Dreissigacker Silvaner Trocken til 150,40 kr - Veldig bra! 

 

Dei beste raude vinane:  

Kva med noko raudt til kjøtet? Gjerne av den saftige sorten? Med godt, enklare tilbehør, som salat, friske dressingar og potet utan for mykje krem og smør til. Eller ok, litt då. Prøv desse: 

  1. Petrussa Schioppettino til 196,50 kr - Saftig, fine aroma og tanninar. Vil gjerne drikke til hard ost, grilla reint kjøt eller drikek aleine.

  2. Obermoser St. Magdalener Classico til 178 kr - Saftig, spanande frukt. Vil gjerne drikke til grilla fisk eller reint kjøt.

  3. Amicone Veneto Rosso til 150 kr - Lyst på ein saftig vin med ok trøkk i? Prøv denne.

 

Vipps så har du det i boks!