Anniken England

Hemmelegheita med å finne gode vinkjøp 

Anniken England
Hemmelegheita med å finne gode vinkjøp 

Kven er vel ikkje glad i gode kjøp?  

Kva enn det måtte vere for deg, vil vi alle gjere gode kjøp, også når det kjem til vin.

Så, kor begynner ein?  

Vi har mange tusen vinar å velje mellom i Noreg og enda fleire i verden. Det gjer ikkje saken enklare, ei heller når ein skal halde følgje på så mange andre områder.  

For å bli meir bevisst på aroma og smak, vil eg sjølvsagt anbefale deg å følgje Druefin og sjå videoen ”Bli RÅ på vinspråket”. Der lærer du stega alle vinproffane bruker, og som du kan nytte kvar gong du drikk vin.  

 

Til poenget! kva er hemmelegheita til å finne gode vinkjøp?  

......her er nokre tips å gå etter.  

  1. UNDERVURDERTE REGIONAR - I mindre kjende vinregionar er landet, og vanlegvis også andre faktorar som til dømes druer, billegare. Det betyr at vin frå desse områda vil ha ein lågare produksjonskostnad og produsentane der kan difor selje vinen rimelegare enn produsentar frå andre stader.  

  2. UNDERVURDERTE DRUETYPAR - Kjende druetypar har ei høgare etterspørsel og produsentane vil difor kunne selje vinane til ein høgare pris. Nokre av dei mindre kjende druene kan bli kjenneteikna med dei "kjende", men by på ein betre verdi.  

  3. PRODUKTIVE ÅRGANGAR - Gode årgangar kan gi ei større avling, fleire flasker og derav redusert prisen.  

Som på mange andre områder går vi ofte for det kjente og kjære, framfor å oppsøke noko nytt.

Det kjende kjenner vi til og vi reduserer sjansen for å bli skuffa, men me vert diverre heller ikkje overraska. Kjende områder som Chablis, Napa, Burgund, Bordeaux, Sancerre er difor tygge val å ta.  

Innan vin er det framleis hundre andre vinregionar vi kan velje mellom, men som er mindre kjende og lite, mot ikkje diskutert i det heile.  

beach-blue-sky-cheerful-452738.jpg

Frå desse områda kan du finne gode vinkjøp: 

  • Duro, PORTUGAL– Både for raude og kvite vinar finn du ei rekke gode alternativ. Dei raude vinane vert generelt kjenneteikna med god frukt, krydder og fint integrert eik. For dei kvite finn ein tørre, fruktige vinar med god syre.  
  • Bierzo, SPANIA – Få augo opp for fruktige, både for raude og kvite vinar, gjerne frå mindre kjende områder. Her kan du finne dei beste prisane.  
  • Umbria, ITALIA – Like ved velkjende Toscana, her gjer du ei rekke gode raudvinskjøp. 
  • ARGENTINA – Heile Sør-Amerika imponerer meir og meir, då vi også begynner å få eit rimeleg godt utval på polet, men det kan framleis bli betre. Spesielt frå Argentina finn ein fyldige vinar som handterer større rettar og som gir mykje vin for pengane.  
  • Loire, FRANKRIKE – Her finn ein vin i alle prisklassar, men spesielt innan dei kvite vinane finn ein ei rekke gode, fruktige og spanande vinar.  

Dette er berre meint som nokre retningslinjer,- no kan du velje og vrake. Kom gjerne med ei tilbakemelding om du kom over noko nytt og spanande!