Anniken England

Holdbarheita på ei opna vinflaske

Anniken England
Holdbarheita på ei opna vinflaske

Unnar du deg eit glas vin? 

Veldig ofte er det berre eit glas vin ein vil ha, men fordi ein ikkje vil at resten av flaska skal stå igjen opnar ein den ikkje. Frykten er at vinen vert dårleg og må hellast ut. 

Så, kor lenge varar ei flaske som er opna?  

Har du høyrt at ei flaske vin varar i 1-2 dagar? Det kan vere tilfelle, men generelt kan den vere open opp til ei til to veker. Hugseregelen er at du ALLTID må lufte på vinen før du drikker den. Frukta i vinen skal vere frisk og tiltalande.  

Om vinen luftar fint kan du drikke den, men får du aroma som kan minne om neglelakkfjernar eller dårleg frukt, må du dessverre helle den ut.  

 

NOKRE TIPS om du berre vil ha eit glas: 

  1. BØR STÅ KJØLEG – Sjølv om du oppbevarer vinen i ei veke, betyr det ikkje at den ikkje vil endre seg. Oftast vil den få mindre aroma, men det betyr ikkje at den har blitt dårleg. Som med andre råvarer går prosessen meir langsomt i kjøleksapet ved lågare temperatur, akkurat som med kjøt.  

  2. MUSSERANDE VIN – Boblene i vinen vil nærmest forsvinne etter opning, så skal du ha eit glas i dag og resten ein anna dag vil eg anbefale deg å nytte ein champagnestoppar.  

  3. ROSEVIN – Har ikkje dei beste lagringsstoffa i seg, den kan gjerne nytast same dagen.  

  4. KVITVIN – Enkelte vinar held betre enn andre, som til dømes vin laga på drua Riesling, men det viktige er at frukta er god. 

  5. RAUDVIN – Har meir antioksidanter i form av tanniner, noko som nettopp beskytter oksygen. Det kan gjere vinen meir haldbar etter opning.  

  6. PAPPVIN (BIB) – Fordi dei har ein meget god lukkemekanisme vil det komme mindre luft i vinen enn i ei flaske. Det betyr at ein pappvin har holdbarheit opp til 3-4 veker. Sjølv denne er lurt å oppbevare i kjøleskapet.  

P.S. Sjå etter att datostemplinga på BIB er så nyleg som mogleg, då er den frisk og fruktigast.  

Punkta ovanfor er ikkje skreve i stein, og nokre gonger held ein vin seg langt lengre. Difor er det viktig at du, sjølv kor lenge vinen har stått, luktar og smakar om du tykkjer den er god.  

Viser det seg for at du ikkje likte den lengre, men at smaken fortsatt er ok, bruk den i matlaging. Vipps, så var det ingen krise å opne flaska, og hugs at vin kan brukast til så mangt.