Anniken England

Kvifor lære meir om vin? 

Anniken England
Kvifor lære meir om vin? 

For kven vil ikkje ha meir latter, prat, tid med gode venner, både nye og gamle, gjerne over eit godt måltid med digg vin?  

 

KVIFOR LÆRE MEIR OM VIN?  

  1. ….det er meiningsfult. 
  2. ….det går ofte hand i hand med ein god samtale.  

  3. ….byr på ulike stilar. 

  4. ….kunsten å kombinere til rett mat. 

  5. ….perfekt som gåve.  

  6. ….ein blir aldri utlærd.  

  7. ….ein kan reise rundt i heile verda på leit etter nye vinar.  

  8. ….dei finst i ulike fargar og stilar. 

  9. ….nokre vinar er betre enn andre.  

  10. …det er magisk!  

Og det burde vere ein del av livet ditt!  

 

Einig?  

Vil du lære meir om vin? Då har eg noko til deg!  

I løpet av dei neste vekene skal eg ta for meg ei rekke verktøy du kan bruke for å bli rågod på vin og få enkle tips til å leike deg med vin.  

Vi skal avmystifisere vin, komme med masse snadder og godbitar du kan imponere dei rundt deg.  

 

Så, er du klar?  

For vi treng meir kvalitetstid med dei menneska som vi trivst mest med, dei som gir oss energi, latter og glede, og gjerne med ein godbit (både mat og vin).  

Over dei neste åtte vekene skal du kvar tysdag få eit nytt tips frå meg, eg kallar det så enkelt som, "Lær om vin".  

pexels-photo-395134.jpeg

Dette er planen dei neste 8 vekene:  

(og du gjer akkurat det du vil)  

  1. Korleis bli ein vinkjennar? Sjå videoen i denne linken.   
  2. Beste kvitvin til Thai-mat. 

  3. Alt du treng å vite om raudvin på 2 min. 

  4. Hemmelegheita med å finne gode vinkjøp. 

  5. Naturvin: Kva er det? Og dei beste kjøpa. 

  6. Elskar du øl? Prøv desse vinane.  

  7. Beste Champagne i alle prisklassane. 

  8. STOPP! Aldri sei desse 10 tinga om vin 

 

Begynn gjerne med videoen eg har laga til deg, 4 steg til å bli ein vinkjennar. Få tilgang ved å trykke på boksen under, sett inn namn og e-post, du vil få alt på mail.  

 

I tillegg vil eg anbefale deg å prøve ein av desse vinane eller begge, kan du kjenne kor forskjellege dei er?  

  1. The Liberator The Francophile Chenin Blanc 2016

  2. Mother Rock Force Majeure Chenin Blanc 2017

Dei er begge laga på drua chenin blanc, ei drue som har imponert masse den siste tida, spesielt frå Sør-Afrika. På grunn av den gode frukta kan den verke rundare i munn enn dei tørraste Chabliane frå Frankrike.  

Prøv gjerne ein av desse vinane til kylling, fisk eller til ein blåskjellsuppe.  

Sjå korleis du kan bli ein vinsmakar på videoen eg har laga til deg.  

twenty20_29b1d72a-aa84-4cff-9aeb-75e7a57808a6-2.jpg