Anniken England

Østers og Champagne, heile kvelden !

Anniken England
Østers og Champagne, heile kvelden !

Vil du ha ein smakebit?  

I kveld skjer det, skjønnar du. I Tønsberg på The Sense skal vi nyte Champagne frå vinhuset Perrier-Joüet og nyfanga østers, heile kvelden!  

Thomas Skallebø og Kristian Lier har fanga østers i Tjøme som vi skal få perfekt tilberedt hjå The Sense. Til østersen skal vi sjølvsagt drikke Champagne, og eg er så heldig som får fortelje om vinhuset Perrier-Joüet. 

Det er ekstra stas å kunne fortelje om vinhuset Perriet-Joüet då eg fekk besøke dei for vel eit år sidan. Sommaren 2017 var det endeleg duka for ein tur til vinregionen Champagne, ikkje nok med det, det var min fyrste tur til Champagne. Under turen var det to vinhus som var i fokus, deriblant Perrier-Joüet.  

 Foto: Svein Lindin

Foto: Svein Lindin

Det er inga tvil om at du og eg har tilgangen til mykje god vin, og spesielt frå Champagne. Du har kanskje opplevd at dei er betydeleg dyrare enn ein Prosecco frå Italia eller Cava frå Spania. Om du smakar dei opp mot kvarandre vil du også kjenne ein vesentleg forskjell i konsentrasjon, struktur og mousse. 

Også frå vinområdet Champagne finner ein mange forskjellege kvalitetar av musserande vin. I dag er det Perrier-Joüet som står for tur og det er kanskje ein av dei beste frå området. 

Kanskje du kjenner igjen prestisjeflaskene med sin nydlege rosemaling? Det var kunstnaren Emilie Gallé som i 1902 malte dei japanske anemone blomane som ein fortsatt finner på flaskene i dag.  

I 1810 gifta Pierrie-Nicolas Perrier og Rose Adélaide Joüet seg, og året etter starta dei vinhuset i byen Epernay. Maisone Perrier-Joüet kom til og i løpet av dei neste 200 åra skal dei ha ein forrykande utvikling. Under namnet Bell Epoque produserte dei 3.000.000 flasker i året, både som vintage og non-vintage.   

Champagne er eit område som består av vel 35.000 ha vinmark og ligger nordaust for Paris. Ein kan gjerne undre kvifor boblene er så bra akkurat i Champagne?

Eg veit du alltid er nyfiken på vin og vil så gjerne lære, men eg skal halde meg til det viktigaste. Sakte, men sikkert skal vi bygge på.

Så, hemmlegheita ligger i kombinasjonen mellom: 

  1. Jordsmonn
  2. Druetype
  3. Klima  
  4. Framstillingsteknikk  

Det er det som skal til for at vinbøndene i Champagne skal produsere eksepsjonelt komplekse og konsentrert bobler.

Finner vi andre gode alternativ? Sjølvsagt, men det vil aldri vere Champagne.  

Om du er i nærheita av Tønsberg, bli med i kveld! 

Ein ting er sikkert, eg gleder meg!  

 Mia Dalseng til venstre og Anniken England til høgre. Foto: Svein Lindin

Mia Dalseng til venstre og Anniken England til høgre. Foto: Svein Lindin

Vil du lese meir om musserande vin: 

.....eller andre produsentar frå Champagne som Jacques Lassaigne eller Charles Heidsiecktrykker du på namnet som interesserer deg.