Dette treng du å vite om raudvin

Dette treng du å vite om raudvin

….8 punkt, kva for eit overraskar deg mest?  

  1. Kvifor er raudvin raud? Raudfargen kjem frå drueskalet, stoffet i skalet som ein kallar anthocyanin.  
  2. Kan raudvinsdruer lage kvitvin? Ja. Då fargen kjem frå drueskalet og ikkje sjølve juicen, er det faktisk mogleg å lage kvitvin av raude druer. Hemmelegheita ligg i at drueskallet ikkje må vere i kontakt med mosten. NB. Neste gong du drikk ein Blanc de Noirs Champagne veit du at den kvite musserande vinen er laga av raude druer (Pinot Noir og/eller Pinot Meunier).  
  3. Korleis ser ein raudvin med alder ut? Kanskje du har smakt på raudvin med alder? Ein godt lagra raudvin kan ikkje berre identifiserast ved hjelp av nasen og munne, men også evd hjelp av augo og veldig gamle vinar vert gjennomsiktige i fargen og mindre raude.  
  4. Kvar kjem aromaane i vinen frå? Smakstilsett? Nei, det finst inga smakstilsetting. Alle aroma du finn i ein vin, som til dømes ulike typar bær, urt, tre og krydder, kjem frå gjæra druer og eventuelt ein periode på eikefat.  
  5. Har vi godt av å drikke raudvin? Det har blitt gjort ei rekke undersøkingar der det kjem fram at moderat raudvinskonsum er betre for deg enn å kutte ut raudvin. Bakgrunnen er at antioksidantane ein har funne i raudvin reduserer førekomster av kardiovaskulære sjukdommar, diabetes type 2 og dødelegheit. NB. Aukar du inntaket utover den anbefalte mengda vil sjølvsagt fordelane bli erstatta med auka risiko, så drikk raudvin med moderasjon. 
  6. Kvifor er tanninar bra for deg? Visste du at majoriteten av innhaldet i ein vin er vatn? Elles finn ein vatn og polyfenol. Polyfenolane inkluderer vinaromaar, fargepigment, tanninar og meir eller mindre 5.000 andre plantesambindingar. Blant desse er det procyanidin, som er ein type kondensert tannin, som er gunstig for auka levetid og har gode effektar på hjartet. Du finner det også i grøn te og mørk sjokolade.  
  7. Ung eller eldre raudvin best for deg? Alt etter kva som er dine preferansar kan det hende at du smaksmessig likar best eldre vinar, men helsemessig er dei diverre ikkje best for deg. Unge raudvinar inneheld større tanninnivå enn noko anna type vin.  
  8. Kven inneheld minst sulfitt? Raud eller kvit? Generelt har raudvin ein tendens til å vere meir kjemisk stabile enn kvitvin, noko som betyr at ein vil vanlegvis finne eit lågare nivå sulfitt i raudvin enn i kvitvin.  

Interessant?  

Eg vil også anbefale deg å prøve desse tre ulike vinane, kan du kjenne forskjellen? Sjå videoen ”Korleis lære å smake vin” HER (link) , og bli ein vinkjennar du òg!  

pexels-photo-949219.jpeg