Anniken England

Ost og vin du vil ha i hus! 

Anniken England
Ost og vin du vil ha i hus! 

Er du glad i å vere spontan? Å invitere nokre venner heim ein ettermiddag til ein bit ost og eit glas vin? 

Det er eg og, men det skjer diverre ikkje så ofte. Ikkje fordi eg ikkje vil, men fordi gjeremåla og pliktene kjem i vegen. Alltid er det noko som skal gjerast, og når ein endeleg har fri vil eg ofte berre kulan i det stille.  

I Noreg er det fleire som har same haldninga, er det kalde og mørke vintrar som gjer oss heimekjære? Eller det det berre ein del av kulturen vår?  

Vi har godt av å legge gjeremåla til sides, invitere dei vi ikkje har sett på ei stund og slå av ein prat. Det er tross alt dei som gir oss glede og energi, og det er dei vi deler tankar med, så kvifor ikkje bruke dei små stundene til noko skikkeleg bra?  

Spontane besøk er min favoritt. Når det fyrst skjer har ein gjerne ikkje planlagt noko, og ein må gjere det beste ut av kva ein kan tilby.  

Difor likar eg å ha ost og vin i hus, nesten heile tida, faktisk.  

pexels-photo-551894.jpeg

Kjøp inn geitost. Og ein smaskrik kvitvin.  

Langs heile Noreg finn ein ei rekke geitebønder der fleire har fått augo opp for å nytte mjølka til å lage geitost. Til osten skal du servere ein kvitvin som kan handtere den skarpe smaken. Det har seg slik at produkt som kjem frå same område ofte passar saman, eller at du finn to råvarer som snakkar likt språk.  

Geitost og vin laga på drua sauvignon blanc, altså ein Sancerre, gjer det.  

Psst.. Om det ikkje kjem eit spontant besøk, kan ein nyte ost og vin i eige selskap også -  ein kan vel unne seg sjølv litt ekstra i blant?