Anniken England

Beste kvitvin til thai-mat

Anniken England
Beste kvitvin til thai-mat

Er du glad i thai-mat?

Maten som har den perfekte harmonien mellom det søtlege, syrlege, salte og sterke innslaget. Kanskje er det alle desse innslaga som gjer det så vanskeleg å sette rett vin til?  

Har du nokon gong drukke ein vin som ikkje fungerte til måltidet? For, det skjer.  

Men, når kombinasjonen mellom vin og mat klaffar er det magisk!   

Det er nesten ti år sidan eg ferierte i Thailand. Vi var tre venninner på loffen med ein sekk kvar. Faktisk kom vi rett frå eit fem vekers opphald i India og Nepal, med tronge gater, mange togreiser og der ein fjelltopp på 4500 m.o.h vart bestege. Det var då himmelsk med frisk frukt og andre matrettar i Thailand.  

Vi fekk ein smakebit av både den sørlege og den nordlege delen av Thailand, og rakk også ein tur innom hovudstaden. Kvar del av opphaldet gjorde inntrykk, men på grunn av god guiding av mi gode thailandske venninne frå året i USA, Niwatnina, var det dagane i Bangkok eg hugsar best.  

Saman med hennar venninner fekk vi besøke dei ulike lokale matmarknadane og prøve deira favorittrettar.  

Thai-mat er noko som alltid imponerer meg, truleg fordi maten består av ei unik balanse mellom det sterke, søte, salte og syrlege.  

Kva vin vil du servere til Pad Thai, for eksempel?  

Det beste alternativet er riesling, som faktisk er nesten for perfekt til maten. Balansen mellom den tropiske frukta som ein gjerne finn i maten, saman med syrlegheita som friskar opp vinen og sødmen som handterar det sterke i maten.  

 

Prøv ein av desse vinane neste gong du skal ha thai-mat:  

  1. Domdechant Werner Hochheim Riesling Classic 2016 

  1. Ratzenberger Bacharacher Riesling Kabinett feinherb 2016