Anniken England

Nyheiter på Vinmonopolet 

Anniken England
Nyheiter på Vinmonopolet 

Godteributikken har fleire godsaker på lager, og eg har funne området du må få augo opp for. Ikkje berre produserer dei rågod vin, men dei er også godt prisa.  

Eg er no tilbake i Bergen etter to innhaldsrike veker i Oslo. Du kjenner gjerne på det du også av og til,- at ein treng å få luft under vengene, nye impulsar og påfyll av kunnskap. Og berre det å bryte opp dei kvardagslege rutinane.  

Oslo imponerer meg, ikkje berre då det er hovudstaden vår, men også med all utbygginga som skjer og sjølvsagt alle unike barar og restaurantar. Eg elskar aksepten for å tru på sitt konsept, kva enn det måtte vere, og å verte sett på med nyfikne og glede!  

Dess meir spesielt, dess meir fasinert blir eg!  

Mine to veker har primært hatt vin i fokus, der eg har vore på ei rekke smakingar, messer og blitt betre kjent med to spanske vinbønder. Som ny skribent i magasinet Horeca får eg innpass til både Vinmonopolet sine smakingar og generelt til importørane som inviterer til smaking. 

Det betyr at eg får smake mange hundre vinar i veka, følgje med på produsentar eg kjenner til og bli kjent med ei rekke andre eg ikkje allereie kjente. Og best av alt, det betyr at eg kan gi deg dei beste tipsa og komme med ei rekke nye godbitar!  

Vinmonopolet har til kvart slepp ei rekke fokusområde, og denne gongen er eitt av desse området Wairarapa i New Zealand, som eg no skal ta føre meg. Har du høyrt om det? Om svaret er nei er det ingenting å bekymre seg for.  

Primært har vin frå Australia og New Zealand dominert marknaden med kommersielle vinar i stort volum. Sjølv om dette var fokuset deira for nokre år tilbake, har mykje skjedd og fleire har endra innstilling. Andre dyktige produsentar har difor komme til.  

Så, kor var vi? Jo, området Wairarapa. Wairarapa ligg heilt sør på Nordøya. Her finn du vin av høg kvalitet. I Wairarapa har ein gode klimatiske føresetnader med to fjellkjeder som beskyttar for mykje regn og to kystlinjer som reduserer temperaturen, noko som gir lang vekstsesong. Ein har i tillegg ei elv som renn gjennom området.  

Dette er vinar som passar til matrettar med fisk, lyst kjøt, skaldyr eller ein kan drikke dei aleine.  

Last difor ned mine beste vintips som du kan kjøpe på godteributikken, der kjem eg med meir informasjon om vinane og kva du skal servere dei til.