PétNatt i Bergen 

PétNatt i Bergen 

Det er utruleg kva fermentert druejuice kan gjere med ein. Rein druejuice utan tilsetting av kunstgjødsel eller sprøytemiddel kan gi deg den ekte smaken av druer.  

I godt lag kjem også den gode samtalen, og, i mitt tilfelle, dei kreative ideane. PétNatt er ikkje noko unntak. Ettersom Bergen fekk tidleg status som Noregs naturvinby, er det på sin plass at publikum får eit tilbod og ei innføring i denne vinkategorien – sjølv om vi er nokre år på etterskot.  

Ikkje berre er det frodig mellom dei sju fjell, men det er også plass til å tenke nytt. Difor er det  på tide å arrangere den aller fyrste naturvinmessa, PétNatt, for publikum. Den går av stabelen torsdag 15.februar 2018 på Magda. 

pexels-photo-209456.png

Opplegget er enkelt: vi begynner kl.1800, der seks forskjellige importørar har 70 forskjellige vinar å by på. Der kan du stille så banale, gode og/eller lure spørsmål som du måtte ha, mens du smakar deg gjennom dei naturlege dråpane.  

Så er du nyfiken på kva som ligg i omgrep som ”oransje”, ”ufiltrert”, ”skallkontakt”, ”whole bunches”, ”juicy”, ”fønki” eller berre tykkjer du at VIN ER KJEKT, då har vi eit arrangement som passar deg.  

I to timar får du moglegheita til å smake på masse digg vin, etterfølgt av utvalt DJ frå Magda der dansefoten kan bli nytta, og masse sosialisering så lenge du måtte orke.  

Om du ikkje er blant dei heldige som har fått kjøpt billett vil eg anbefale deg å vere tidleg ute. Vi har nokre ekstra billettar i døra, elles må du vente til kl.2000 då vi opnar dørene for alle.  

(P.S. Ver realistisk, så snart du er inne vil du ikkje ut igjen – ver der derfor i tide) 

 

pexels-photo-567453.jpeg