Kva har ein naken kropp med naken vin å gjere? 

Kva har ein naken kropp med naken vin å gjere? 

Lat tankane spinne, så introdusere eg deg til naturvin. For naturvin er noko som har slått an blant folk flest, ikkje berre blant hipsterane.

Sanninga er at naturvin ikkje har kategori på Vinmonopolet, heller ikkje ein EU-regel for vin, det er rett og slett ingen lover for naturvin.  

Naturvin er, som namnet tilseier, naturleg vin. Det gjer noko med smaken, ikkje alle for alle vinar, men for nokre av dei. Mange kan smake som andre vinar, mens nokon kan bli svært spesielle (samanlikna med kva du er van med). Her speler gjær og bakteriar ei sentral rolle, og kan påverka aromaen. Ein kan til dømes få ein aroma som minnar om sherry og surøl.  

Tanken bak naturvin er at druene skal dyrkast utan bruk av kunstgjødsel eller kunstig sprøytemiddel, og derav vere økologisk eller biodynamisk, sjølv om dei ikkje treng å vere sertifiserte.  

Eit anna viktig poeng er at det ikkje skal tilsettast anna gjær enn dei gjærsporane som følgjer med druene naturleg frå vinmarka, altså spontan fermentert, eventuelt med hjelp av temperaturkontroll.  

Det vert nytta ingen mot lite svovel, altså minst mogleg fjaseri.  

Innan kategorien naturvin finn ein blant anna oransje- og nakenvin.  

Mitt fyrste møte med oransjevin var ein kamp, og slett ingen enkel ein. Av nyfikne hadde eg sjølvsagt funne den heftigaste av dei heftige oransjevinane på polet. Eg var klar for å bli betre kjent med den hippe varianten av vinstilen.  

Oransjevin går under kategorien kvitvin og fordi drueskala ligg lengre i, gir dei meir fylde, smak, farge og tanninar. Derav blir fargen oransje.  

Nakenvin, derimot, er utan tilsetning av fatpreg eller tilsettingstoff, men det er her lov å tilsette små mengder svovel for at vinen ikkje skal oksidere. Vinen får aldri tilsett eit eikepreg fordi det kan dekke over dårleg smak. Vinen kan vere økologisk eller biodynamisk, og den nakne vinen smakar av rein drue.  

Den nakne kroppen kan altså ha mykje til felles med naken vin, det er berre din kreativitet som kan sette ein stoppar.

For min del stoppar eg ved at dei begge er naturlege, med eller utan tilsettingar, og dess meir naturleg dess betre smak og innhald!  

 

woman-act-girl-naked.jpg