Anniken England

Vinane som reddar vinterferien

Anniken England
Vinane som reddar vinterferien

Eller skal ein heller kalle det vinane som toppar vinterferien?  

Her er anbefalingane til deg som held deg heime eller skal til fjells! Eg har plukka med noko til ein kvar, legg gjerne igjen ein kommentar på den vinen som vart din favoritt.  

I store delar av landet er det nydelege forhold. Av det eg kjenner til er det delvis vår i Bergen (i fjella er det masse snø og relativt kaldt), medan i Oslo er det fortsatt vinter i låglandet – ein veldig flott vinter faktisk. Ettersom ein har vinterferie no, er du kanskje blant dei heldige som kan pakke med deg skiutstyret og nyte forholda i fjellet?  

Kanskje vil du finne trekket som tek deg opp til dei mange skiløypene eller vere hardbarka og gå med feller opp på ein fjelltopp? Vala er mange, og RÅBRA.  

I år drøymer eg om fjellheimen, men det er heller ikkje verst å vere i Oslo då skiforholda er så gode, samt moglegheita for å gå på skøyter er rett utanfor husdøra.  

Under mitt opphald her er eg heldig som blir vekt av to små gutar. Til mi store glede er dei veldig klare for barnehagen, samt henge med tante på ettermiddagen. Barnas ærlegheit er brutal, og samtidig så herleg.   

Det betyr at mine dagar går med til ei rekke smakingar, møter og anna moro SAMTUNDES at eg kan ta på meg skia når det måtte passe meg. For her er det perfekt snø og ei rekke hytter ein kan gå til. Delvis vinterferie på austlandet er slett ikkje feil.  

Og best av alt, ein kan diske opp med gode rettar og kjekk vin i kveldinga.  

Så, anten du nyt vinterferien i fjellheimen eller heime vil eg komme med nokre tips til deg. For kva er vel ikkje betre enn aktive dagar i snøen, gjerne med litt bålmat, for så å flytte seg inn, diske opp med ein større middag og finne den ideelle vinen til?  
 

Plukk med deg desse vinane:  

 

Eller kjøp ein bag-in-box:  

Kva enn du måtte gjere dei neste vekene, smak gjerne på ein ny vin eller lag ein ny rett etter du har unna deg ein skitur.