Anniken England

Skrei i mandelpotetpuré  med spinat og  hollandais

Anniken England
Skrei i mandelpotetpuré  med spinat og  hollandais

Med ein lang kyst fylt med mange godsaker, er det ikkje rart at fisk er ein viktig del av kosthaldet for mange nordmenn. Til denne oppskrifta kan du gjerne nytte skrei eller torsk.   

Heldigvis er det sesong no for skrei. Sesongen varar frå januar til april. Skrei er ein torsk, men ikkje alle torskar blir til skrei. Berre den torsken som har vokse opp i Barentshavet og kjem inn til norskekysten for å gyte når den er i sin beste alder, er det vi kallar skrei. I den same perioden kan du også få tak i lever og rogn, som vi i Noreg har lange tradisjonar for å servere til.     

 

Ingrediensar til 4 personar:  

600 g torskefilet  

100 g spinat  

Kjørvel  

 

Fisk:   

Lag saltlake ved å koke opp ein liter vatn med 80 gram salt.  

Skjær torskefileten opp i fire like bitar og legg dei i laken. Skru ned varmen og la fisken trekke i 8-12 minuttar. Pass på at vatnet ikkje kokar.  

 

Puré:   

300 g mandelpoteter i store skiver  

100 g purrelauk i bitar  

1 løk i terningar  

50 g smør  

7½ dl lys kraft/kyllingkraft, gjerne Jacobs kyllingkraft  

1 fedd kvitlauk (kan sløyfast)  

1 dl mjølk  

1 dl rømme  

Salt og svart pepar  

   

Mandelpotetpuré:   

Fres potet, lauk, purrelauk og kvitløk i smøret i 30 sekunder, hell så over krafta og mjølka.  

Kok opp, la det småkoke til alt er mørt og potetene begynner å gå i oppløysning. Køyr alt i blender og kok opp med rømme. Smak til med salt og pepar.  

Spinaten varmast i ein kjele med litt smør, salt og kvitlauk. Press ut vatnet og legg den i skåla.  

Legg puréen i skåla og dander spinaten rundt. Legg den varme fisken på spinaten, topp med eit par skeier hollandaise og ein kjørvelkvast.  

  

Hollandaise   

500 g smør   

5 stk. egg   

1 stk. sitron   

Salt og pepar  

Cayennepepar   

  

  1. Klarne smøret og sett til side. Bruk 100 gram smør pr. eggeplomme.  

  2. Skil eggeplommene frå eggekviten.  

  3. Ha eggeplommene i ein bolle som toler varme.  

  4. Kok opp ein liten kjele med vatn.  

  5. Sett bollen over kjelen med kokvarmt vatn. Pass på at bollen ikkje kjem i kontakt med vatnet. Pisk kraftig i ca. 30 sekund med nokre dråpar vatn i eggeplommene. Fortsett å piske til det blir tjukkare og du kjenner litt motstand.  

  6. Ha i litt og litt av det klarna smøret. Pisk smøret inn mellom kvar gang.  

  7. Smak til med sitronsaft, cayennepepar, salt og pepar.  

  

Vinanbefalingar: 

Til skrei kan vere både av den kvite og den raude raude typen. Dei beste raudvinsvala du kan gå etter har blaute tanninar og fruktig, frisk og ung stil. Du står ovanfor fleire gode val, deriblant ein beaujolais, barbera frå Piemonte eller for eksempel ein slank og moden pinot noir.   

Eit godt raudvinsval vil vere  Carussin Asinoi Barbera d'Asti 2015 145,00,-  Det er ein ung, saftig og fruktig vin frå Piemonte i Italia.  

For kvitvin vil eit ypparleg kjøp og eit klassisk val til skreien vere ein fransk  chardonnay,  Roche De  Bellene  Bourgogne  Chard. 2015  kr 189,90,-  Vinen får meg til å stråle. Med aroma frå epla og innslag av voks og syre står den perfekt til sausen.