Smaken av Italia på Café Herman

Smaken av Italia på Café Herman

Det er stor stas å kunne melde at eg skal vere vindame på turen Fotefar Temareise har til Toscana i november 2018.  

Ikkje nok med at Fotefar finn spanande destinasjonar og har råbra program, så har dei også med seg kunnskapsrike fagpersonar – og no er eg heldig som kan vere ein av desse!  

Vin er slett ikkje noko nytt, ei heller revolusjonerande, men er viktig på den måten at det kan gi kvart individ ei ekstra lita (og nokre gonger svært stor) glede i kvardagen. Attpåtil er vin ofte det som får oss til å sette oss ned, gjerne med ein matbit, og som resulterer i den gode samtalen.  

pexels-photo-761854.jpeg

For å fortsette den gode tralten vi har hatt på Café Herman på Leikanger, inviterer eg igjen til mat, vin og god stemning, denne gongen med smaken av Italia. 

Bli med på mat- og vinkveld på Café Herman med fokus på Italia fredag 25.mai kl.1900-2300. 

Anten om du er nyfiken på kva turen med Fotefar inneber eller berre vil nyte ein kveld med god vin og godt lag, så er dette uansett ypparleg for deg!  

Emilie, som faktisk er ½ italiensk, og eg, som gjerne er italiensk for ein kveld, diskar opp gode smakar med vin til og lovar hygge ut i nattetimane.  

Som alltid kjem det mange rettar og vinar. Så langt har desse arrangementa vore stor suksess og vi håpar at du kjem som ny eller igjen!  

Café Herman har eit intimt, koseleg og akkurat passe stort lokale, så difor må vi be deg booke i tide. Om du vil vere med send meg ein mail til anniken@druefin.no  

Etterpå kan du sjølvsagt nyte andre godsaker som vi har funne fram! 

Vi håpar å sjå DEG der!