Vil du vere min date i Toscana? 

Vil du vere min date i Toscana? 

Gå gatelangs, smile, dele tankar og idear, ete litt og nyte eit nytt glas vin når behovet melder seg?  

Ei langhelg der trøffel kan dandere tallerkenen og romme munnen med smak. Og sjølvsagt skal vi ha den perfekte vinen til, det fiksar eg! For ja, det er sjølvsagt  trøffelfestival i byen medan vi er der!  

twenty20_c7a0ee8f-fcbc-4288-9897-eb9e08c18e58.jpg

Få stader er så trivelege å besøke som Italia. Gatene er tronge og gamle og ein kan lure på om husa fell saman før sola går ned eller om dei held nokre år til. Maten ein får servert består ofte av få ingrediensar/råvarer, der dei let kvar enkelt råvare få dele sine aroma maksimalt. Attpåtil har italienarane ei leiken og avslappa holdning. Ordet som skildrar dei best er kanskje ”EKTE”?   

Vi nordmenn drikk mest vin frå Italia og eg vil påstå at vi er rimeleg glade i maten derifrå også – pizza, pasta og andre knallgode tomatiserte rettar? Mmmm…  

Personleg elskar eg å vere i Italia, spesielt om eg får bu lokalt og ta del i deira kvardag.  

Det er stor stas å kunne dele med deg at eg skal vere vindama på turen Fotefar Temareiser arrangerer til Toscana 15.-21.november 2018!  

pexels-photo-761854.jpeg

Fotefar Temareiser har spesialisert seg på temareiser der historie- og kulturopplevingar står sentralt, og dei legg stor vekt på trivsel og sosialt fellesskap på turane. Det er ekstra stas å ta del i ein tur der mat, vin og kultur skal få prege dagane vi skal ha ilag.  

Programmet blir spikra i desse dagar, eg kjem med meir informasjon. 

Om du ikkje har høyrt om Fotefar før er det dei som har arrangert flotte turar med kunnskapsrike reiseleiarar som Sylfest Lomheim, Lars Nes, Bjørn Sørheim, Olav Stedje, Ragnar Hovland, Tove Bakke, Bård Ose, Eva Bratholm, Frode Alnæs, Edvard Hoem og Hans-Wilhelm Steinfeld. 

Bak selskapet står Rasmus og Yngve Sunde som har kontor på Leikanger. Dei er også reiseleiarar og guidar sjølve. I tillegg har dei knytt til seg fleire dugande lokale guidar der dei fleste er norsktalande.  

Vil du vere med oss på tur, eller er du i tenkeboksen og treng ein liten smakebit av Toscana først? Meld deg på mat- og vinkvelden på Café Herman på Leikanger fredag 25.mai 2018.  

Når det kjem til mat, vin og kultur har vi mykje å lære av italienarane. Dette skal vi altså få ein smakebit av allereie i mai på Café Herman, og nyte langt meir av i Toscana i november.   

pexels-photo.jpg