Vinlegenda Jean Pierre Robinot

Vinlegenda Jean Pierre Robinot

Bryr du deg eigentleg om personane bak vinen du drikk? Gjer du deg nokre refleksjonar om kva for personar dei er? Kva dei står for? Og kvifor akkurat dei produserer vin?  

Sjølv tenkte eg lite over desse spørsmåla før eg begynte å aktivt jobbe med vin. Då eg attpåtil fekk helse på ein produsent etter den andre i Stavanger vart eg mektig imponert. Kvar og ein med si historie, sin filosofi, bakgrunn og eineståande vinprodukt.  

Og kulast av alt, dei er bønder. Vinbønder.  

Eg er heldig som er rik. Rik på minner, rik på opplevingar og rik av å vere omgitt av innflytelsesrike personar i livet mitt. Når eg møter nokon som rører meg blir eg ekstremt glad!  

Trass manglande språkforståing, møtte eg ei vinlegende som berre med sin druejuice rørte meg. For vel eitt år sidan var eg på besøk i Loiredalen, og vinmessa Dive Bouteille. Berre tanken på opphaldet får meg til å smile.  

Under vinmessa, Dive Bouteille, har vinbøndene ein stand lokalisert rundt kvar si vintønne. Der kan ein stille alle spørsmål ein måtte ha, eller berre smake på vinane deira medan dei fortel om produksjonen. Nokre vinbønder er dønn seriøse, andre meir sprudlande og engasjerte, medan nokre heller smakar på vinen til naboen framfor å reklamere for sin eigen. Sel dei nok eller gir dei f***? 

Rundt Robinot kryr det av folk. Kvar og ein får hans merksemd, og dei må smake på ALLE vinane. Du trur kanskje at det er negativt, men det kan eg bekrefte at det slett ikkje er.  

Sjølv prøvde vi å takke for oss etter at vi hadde smakt på halvparten av hans vinar, ikkje fordi vi ikkje diggar dei, men fordi vi framleis hadde ei rekke andre produsentar vi skulle møte. Robinot berre smilte lurt og fortsette. Heldigvis!  

Det er kjekt å sjå Robinot på heimebane i Loire. I den vesle landsbyen Chahaignes i Coteaux du Loire, nord for Saumur, driv han vinproduksjon etter biodynamiske prinsipp. 

Etter å ha drive ein av dei fyrste naturvinbarane "L`Ange Vin” ("englevin") i Paris og starta opp vinmagasinet Rouge et Blanc på byrjinga av 1980-talet (som framleis er eitt av dei viktigaste magasina i Frankrike), fekk han ei trong til å lage sin eigen vin. 

Han innsåg at han ville flytte tilbake til heimbyen og byrja difor å leite etter ein eigendom med mark til å dyrka vindruer. I 2002 kjøpte han sine fyrste parseller og eit lite gardshus. Les gjerne meir om Robinot her.  

I år vart det ingen tur på messe, men heldigvis kan eg smile over dei mange minna eg kan sjå tilbake på frå i fjor. Og det som verkeleg er kjekt, er å besøke eit av dei mange flotte Vinmonopola vi har, og faktisk ha tilgangen på ei rekke vinar, også vinar frå Robinot.  

Eg har smakt Robinot Le Regard 2015 som er litt uklar, men med ein flott raud farge, ja, som gjerne går i retninga av fargen til jordbær. Nasen er kompleks med aroma av raude bær, mineralitet og jord. I munnen har den fin frukt, struktur og syre. Den er lang, saftig og har mindre stramme tanninnar enn tidlegare årgang. Årgangen 2015 vil eg påstå er hakket betre enn året før, ei sann glede!  

Om du er glad i noko litt funky, fruktig og veldig godt, prøv det her.