Kva er naturvin?

Kva er naturvin?

Det er ei rekke ulike omgrep og uttrykk der ute, spesielt når det kjem til vin. For mange er det meir enn nok å halde styr på allereie, om ikkje eg i dag skal introdusere deg til endå eitt.  

Men jo, i dag står naturvin på tapeten!  

Naturvin er slett inga ny greie, snarare tvert imot. Sanninga er at naturvin nyttar den gamle metoden å lage vin på. Ingen revolusjon her, altså. Om du ser på klassiske Bordeauxvinar som vart produserte på 1950-tallet, går dei faktisk under det me i dag kallar naturvin.  

Personleg har eg alltid vore tilhengjar av den klassiske vinstilen, men etter nokre år i Bergen har også dette endra seg. Etter å ha blitt over gjennomsnittet oppteken av produksjon av mat og vin, ja, generelt det ein dyrkar og skaper her i samfunnet – slår eg no eit slag for naturvin! 

La oss sjå på litt historia.   

pexels-photo-234273.jpeg

 

Naturvinomgrepet   

Vi skal ikkje mange år tilbake i tid før vi kan finne den spede byrjinga for naturvinrørsla, som oppstod for vel 30 år sidan i Frankrike. Sidan den gong har fleire tatt i bruk den ”gamaldagse” måten å produsere vin på igjen.  

I lys av historia kan vi forstå kvifor naturvinomgrepet oppstod. 

I store deler av Europan naturleg reaksjon vart difor å effektivisere jordbruket ved å produsere større mengde og fleire råvarer. Spesielt i åra mellom 60- og 70-tallet vart sprøytemiddel i jordbruket flittig nytta.  

På 80-talet vart den amerikanske vinstilen til Parker satt pris på. Stilen baserte seg på stor frukt, eikesmak, relativt alkoholrik vin og den djupe mørke fargen vart sett på som kvalitetsvin.  

Som ein motreaksjon på effektiviseringa i jordbruket der sprøytemidla fekk flyte fritt, endra dei fokuset i retning mot økologisk- og biodynamisk produksjon. Det gjaldt spesielt i Loire og i Burgund, og vi kan nemne fleire viktige skikkelsar, deriblant Jean Pierre Robinot.  

Etter å ha drive ein av dei fyrste naturvinbarane "L`Ange Vin” ("englevin") i Paris og starta opp vinmagasinet Rouge et Blanc på byrjinga av 1980-talet (som framleis er eitt av dei viktigaste magasina i Frankrike), fekk han ei trong til å lage sin eigen vin. 

Han innsåg at han ville flytte tilbake til heimbyen og byrja difor å leite etter ein eigendom med mark til å dyrka vindruer. I 2002 kjøpte han sine fyrste parseller og eit lite gardshus. 

Saman med kona si Noella byrja han å kjøpe små tomter. Tomtene hadde gamle vinstokkar, og paret planta også nye vinstokkar med druene chenin blanc  og  pineau d`Auns.   

Les meir her.  

I tiåret etter kom omgrepet naturvin på bana. Det skulle ta tid før allmennheita fekk augo opp og fekk glede av vinen, men herr og fru Robinot la grunnlaget for vinstilen mange av oss er så glade i i dag.  

Målet var å produsere ”feilfri” stabil vin heilt utan tilsetting av svovel.  

Dei moderne naturvinprodusentane nyttar gamle teknikkar og gjer alt for hand. Dei fleste har utdanning innan ønologi (lære om vin) og jordbruk, og vert omtalte som ”Postmoderne vinprodusentar”.  

 

Øko-, bio- og naturvinproduksjon  

For å forstå kva det går i treng vi gjerne ei kort innføring i kva dei ulike omgrepa betyr, så vi tek difor ein kort gjennomgang:  

 

  • Konvensjonelle vinar er den kategorien majoriteten av vinane på Vinmonopolet fell under. Her kan markene sprøytast og vinane kan tilsettast ei rekke tilsettingsstoff og nytte seg av eikebruk.  

 

  • Økologiske vinar er blitt eit omgrep, men kva inneber det? I vinmarka bruker dei ikkje sprøytemiddel, men vinen kan bli tilsett tilsetningsstoff etter plukking, som til dømes enzym, sukker, industrigjær, akasiegummi og syre for å skjule dårleg kvalitet.  

 

  • Biodynamiske vinar har ei strengare framstilling enn ved økologisk vinproduksjon, men ein kan også her tilsette industrigjær. Biodynamisk produksjon følgjer månefasen og eldgamle teknikkar. Ein av desse teknikkane er å grave ned kuhorn med kumøkk i jorda til våren kjem. Dette for å styrke blant anna pH-verdien i jorda, samt stimulere til liv ved å fremje nitrogenopptaket i jorda.  

 

  • Naturvin er framstillinga som ikkje har klare kriterium, ei heller ei lov. Druene vert som regel dyrka utan bruk av kunstgjødsel eller kunstige sprøytemiddel, og dei kan vere økologiske eller biodynamiske. Dei treng ikkje vere sertifiserte. Les gjerne meir om naturvin her.  

 

SÅ har du fått litt meir kontroll på omgrepa? På torsdag 15.februar kan du smake på ei rekke spanande vinar og leike deg med naturvin heile kvelden. 

Håpar å sjå deg, dine vener og mange andre fine folk der!  

 

pexels-photo-708440.jpeg