Vin med alder i...

Vin med alder i...

Invitasjonen vart fyrst høfleg takka nei til, før eg måtte krype til korset og innsjå mi ikkje-eksisterande evne til å halde meg i ro.

Det er tidvis veldig fortvilande då eg kan vere omgitt av fine folk, rågod mat og vin, og ikkje minst ein natur som er å dø for.  

Det er ikkje få gonger eg har vore plassert i Sogn og haldt meg i ro i eit par dagar, før paset, kofferten og veska brått er pakka. Og vipps er ein billett bestilt. Då held det ikkje å halde seg innanfor landegrensene - eg vil helst ut til det ukjende. Eg treng å puste.  

Når loppene spring løpsk i kroppen er det land som verdsett måltid eg oppsøker, og då er det er ikkje urimeleg at Frankrike står høgt på lista.  

Tidleg i haust kom invitasjonen, men eg har alltid ein ide om at dette året er annleis; ”no skal eg klare å finne roen”, men nei…  

pexels-photo-567635.jpeg

Heldigvis kan ein då pakke sakene og reise på eit nytt eventyr. Eg elskar å vere på reise, spesielt når alt er nytt og eg veit ikkje kva eg skal forvente – denne turen var ikkje noko unntak.  

Nyttårsaftan vart difor feira nordaust for Paris i ein liten landsby med namnet Villers-Cotterets. Etter berre ein halvtimes køyring frå flyplassen CDG var eg på plass. Huset var enormt med ikkje mindre enn 11 soverom, ei rekke stover og det flottaste kjøkkenet eg nokon gong har sett.  

Golvet var raudt, veggane knall gule, og der var langbord, peis OG trapp ned til vinkjellaren. Ohh, yes!  

Her nytta vi oss flittig av det som var å finne på Supern, noko som resulterte i verkeleg gode måltid. I tillegg var vi heldige som fekk plukke med oss vinar frå vinkjellaren - det er ekstra kjekt når dei har litt alder.  

Er vin med alder eit teikn på kvalitet? Jo eldre, dess betre?  

Ein skulle gjerne tru det, men sanninga er at ikkje all vin er laga for å lagrast. Faktisk er majoriteten laga for å konsumerast innan utgangen av det same året. Hovudsakleg er altså den vinen du kjøper på Vinmonopolet klar for å nytast med det same eller innan eit år.  

For dei vinane som er tenkte til lagring er det ei rekke forhold som må vere på plass, deriblant stabil temperatur på 10-13 grader, ingen vibrasjon, luftfuktigheit på 60-70%, naturkork og ikkje for mykje lys. Les meir her.  

wine-winery-burgundy-rioja-48848.jpeg

Sjølv under desse forholda kan ein vin bli dårleg eller ikkje nå sitt potensiale. I andre tilfelle trudde ein gjerne at ein vin skulle halde betre, men at dei faktisk ikkje tolte alle aldrar i kjellaren.  

Poenget er at VI var heldige som fekk plukke i kjellaren, blant gamle vinar av ulik kvalitet og alder. Nokre av desse var svært gode, medan andre var kjekke å smake trass i at dei var ikkje i si beste stund. Dei hadde nådd sine glansdagar og var på veg ned.  

Syklusen til vinen er ikkje så heilt ulik syklusen til ein menneskekropp. Vi blir stadig betre med alderen, men etter ein viss alder byrjar kroppen å ruste (sjølv kor mykje vi prøver å halde oss unge og lovande.  

Turen til Frankrike var på alle måtar ein suksess. Eit ekstra pluss var det å kunne bolte seg i eldre vinar og faktisk også få smake på fleire av dei!