Anniken England

Få augo opp for Austerrike 

Anniken England
Få augo opp for Austerrike 

Omgitt av to dedikerte karar med masse tatoveringar, deriblant med teikningar og namn på ulike vinprodusentar, fekk eg mitt fyrste skikkelege møte med vin frå Austerrike.  

Det var sommaren 2011, ein sommar som skulle bli ein av dei travlaste og truleg mest lærerike. Vi, dei tatoverte karane og eg, skulle spreie glede, kunnskap, digg mat og sjølvsagt DIGG vin. Ettersom plassen vi hadde å boltre oss på var begrensa, vart også vinutvalet deretter.  

Du tenkjer gjerne for ein kjip plass, men snarare tvert imot. Med mindre plass må ein ta i bruk sine kunnskapsrike og kreative evner for å verkeleg finne dei rette perlene å tilby. Det gjorde vi her, og ein av desse perlene var ein grüner veltliner av Weingut Knoll. 

Austerrike har, som andre land, ei historie som er heilt sentral for å forstå vinproduksjonen i dag. For å få eit lite innblikk gir eg deg kortversjonen. Det er trass alt vinblogging, og ikkje vinbøker det skal gå i her - Få ei rask innføring her! 

 

pexels-photo-537053.jpeg

 

Austerrisk vinhistorie  

Dei fyrste spora etter vinproduksjon i Austerrike kan ein datere tilbake til romarane. Deretter er det munkane som har utvikla kvaliteten og lagt grunnlaget for den kvaliteten ein kan finne i dag. Munkane såg potensialet til kvar enkelt vinmark, og allereie på 1200-talet fekk dei beste vinmarkene i Wachau, Kremstal og Kamptal sine namn.  

Cistercienserane og benediktinerane dominerte allereie på 1100-talet i Kamptal, Wachau, Kremstal og Burgenland. I Kamptal og Burgenland har ein framleis munkar som eig parseller i fleire av dei gode vinmarkene. Generelt i Europa er det mindre vanleg at munkane framleis har eigarskap på denne måten.  

Austerrike har ikkje oppnådd same status og rykte som mange av dei andre europeiske vinlanda. Mykje skuldast det ujamne resultatet dei har hatt. Grunnen ligg i både produksjon og avkastninga som skuldast av krig, religionskonfliktar, folkevandring og skiftande nasjonalt herredøme gjennom historia. I nyare tid vart blant anna  Austerrike ramma av phylloxeraen mot slutten av 1800-talet. Vidare leid landet under store øydeleggingar på 1900-talet under fyrste- og andre verdskrig då  med den tyske og russiske okkupasjonen.  

På lik linje som Ungarn vart mykje av vinen som vart produsert under og etter fyrste og andre verdskrig retta mot bulkmarknaden. Nokre produsentar følgde den tyske vinfilosofien etter andre verdskrig; kvalitet framfor kvantitet og produksjon av ein litt søtleg stil.  

I 1985 førte avsløringar av at vin frå Austerrike vart tilsatt dietylenglykol til ein vinskandale som skulle gi eit 80 % eksportfall. Dietylenglykol er eit harmlaust, men ulovleg tilsetningsstoff. Det er kjent som frostvæske, og målet er å få ei kunstig syre og søting i vinen. Det var berre hjå nokre av produsentane at ein kunne finne dietylenglykol, men det var likevel nok til at Austerrike mista store deler av vineksporten.  

Phuu, så var det gjort.. Korleis er det så med lovene og reglane?  

 

Systemet i Austerrike 

Kva lover, reglar og rammer ein skal følgje er det ikkje alltid like enkelt å halde styr på. Difor gjeld det å halde tunga rett i munnen og faktisk berre godta dei. 

Den fyrste vinlova kom i 1907, men den skulle endrast fire gonger før den endelege lova trådde i kraft i 1985. Vi kan delvis kjenne att dei tyske rammene, og delvis inndelinga frå resten av Europa med dei to hovudgruppene: bordvin og kvalitetsvin. 

Som i Tyskland baserer også den austerriske vinlova seg på druene sitt sukkerinnhald. Det vert målt i Oechsle eller Klosterneuburger Mostwaage (KMW), den austerriske varianten. 1 KMW svarer til 5 Oechsle.  

 

Inndeling av vinlova:  

Tafelwein:  

  • Den lågaste kategorien som har eit minstekrav på 51 Oechsle.  

  • Mosten skal chaptalisere (tilsetting av sukker før/under gjæringsprosessen.  

 

Landwein:  

  • Minstekravet har auka til 68 Oechsle.  

  • Samanlikna med tafelwein, kan også denne kategorien chaptaliserast. 

  • I tillegg skal alkoholen ikkje overstige 11,5 % og vinen maksimalt innehalde 6 g/l restsukker.  

 

Innan kvalitetskategorien deler ein gruppa i to:  

  • Qualitätswein, som inkluderer kategorien kabinett. 

  • Kan chaptaliserast, men ikkje for kabinett. 

  • Kravet for ein vin som er chaptalisert er ein alkohol på 9% for kvitvin, og 8,5 % for raudvin, med 73 Oechsle. 

  • For kabinett er kravet 84 Oechsle og maksimalt sukkerinnhald på 9 g/l restsukker og alkoholinnhaldet må ikkje overstige 12,7%.  

  

Qualiätswein mit Prädikat (QmP), der predikatane er ein av totalt åtte kategoriar med forskjellige krav til oechslenivå og framstilling.  

  • Strengt forbode med chaptalisering  

  • Inndelinga av Qualiätswein mit Prädikat er i korte trekk; Spätlese, Auslese, Strohwein/Schifwein, Eiswein, Bergwein, Beerenauslese (BA), Ausbruch og Trockenbeerenauslese (TBA).  

Utbytet er regulert i lova. Den seier at dei kan maksimalt ha eit utbyte på 9 000 kg druer per hektar, det svarar til 67,5 hl/ha for all vin, utanom kategorien Tafelwein. Tafelwein skal seljast utan at ein oppgir årgang og geografisk opphav.  

 

Druer 

Du vil kanskje ikkje tru det, men druene står heilt sentralt for å få den rette druejuicen. I tillegg er druene som oss menneske, nokre stader trivst vi betre enn andre og får derav betre humør.  

Grøne druer (som gir godt humør/god vin) som oftast vert brukte er grüner veltliner, welschriesling, weissburgunder og chardonnay, müller-thurgau, riesling, neuburger, sauvignon blanc, frühroter veltliner, scheurebe, muskat ottonel og traminer, i tillegg til eit mindre tal av andre grøne druer.  

Innan dei raude vinane kan ein finne zweigelt, blaufränkisch, blauer portugieser, blauburger, st.laurent, blauburgunder, merlot, cabernet sauvignon og som for dei grøne druene, nokre andre raude druer.  

Det vert produsert ca. 2,5 mill. hl frå ca. 52 000 ha som gir eit gjennomsnitt på ca. 50 hl/ha. Samanlikna med Tyskland er det berre halvparten av nivået. Årgangsvariasjon er med på å variere utbytet, som for andre stader.  

I Austerrike dominerer eit kontinentalt klima, med varme somrar og kalde, strenge vintrar. Ein vegatativ syklus kombinert med moderat nedbørsmengde og mykje sol sikrar normalt sukkerinnhald i drua.  

Det er kvitvin som tronar på produksjonstoppen med heile 70%, medan produksjonen av raudvin er på 30%. Grunna høg etterspørsel etter raudvin frå heimemarknaden har produksjonen auka dei siste åra. 

Bøndene bak produksjonen er i høg grad småfamiliar som i dag fordeler seg på ca. 20 000 småbruk. Vel halvparten av vinmarksarealet består av eigedommar på over 5 ha, men ein finner også større produsentar som har 200 ha vinmarkar, sjølv om desse er i eit fåtal.   

 

Vindistrikta  

Austerrike er inndelt i fire regionar som igjen er delte i totalt 18 vindistrikt. Dei fire regionane er: Niederösterreich, Burgenland, Steiermark og Wien. Då ein hadde vinar som ikkje kom frå dei den gong 16 klassiske distrikta, men som også kunne klassifiserast som kvalitetsvinar, vart det ”konstruert” to distrikt til. Desse er Weinland Österreich (omfattar Niederösterreich og Burgenland, men ikkje Wien) og Bergland Österreich, som inkluderer resten av Austerrike utanom Steiermark.  

For kvalitetsvinar skal distriket skrivast på etiketten. Det er i tillegg fem kategoriar for innhaldet av restsukker: extra trocken skal maksimalt innehalde 4 g/l restsukker, trocken kan innehalde opp til 9 g/l, halbtrocken opp til 12 g/l, lieblich opp til 45 g/l og den siste som er süss skal vere over 45 g/l.  

Ved påføring av druenamn på etiketten skal det vera minimum 85% av den aktuelle drua i vinen. 

 

Meir om dei fire regionane 

  • NIEDERÖSTERREICH - Det er det nordlegaste vindistriktet i Austerrike. Regionen består av Wachau, Kremstal, Kamptal, Wagram, Traisental, Carnuntum, Weinviertel og Thermenregion. Området har spennande vin og dominerast av kvalitet. Majoriteten av kvitvinane er dominert av vin laga på drua grüner veltliner - som stilmessig kan variere frå lette og enkle til kraftige og fyldige utgåver. 

 

  • WIEN - er hovudstad for vinområdet og dekkjer ein liten vinproduksjon som blir mest konsumert som unge. Druene er mange, men her og dominerer dei grøne; grüner veltliner, riesling og pinot blanc. Dei kjenneteiknast som markant syrlege og har god haldbarheit.  

 

  • BURGENLAND - er det beste området i den nordlege delen for den grunne innsjøen Neusiedlersee, som på det meste er to meter djup. Det resulterer i at den enkelt kan varmast opp og kjølast ned, noko som gir ideelle forhold for utvikling av botrytis. Dei beste druene til dei søte botrytisvinane er welschriesling og scheurebe fordi dei har eigenskapen til å få ein flott syrebalanse. I tillegg produserer denne regionen nokre av dei beste raudvinane i Austerrike av blaufränkisch, zeigelt, st.laurent og cabernet sauvignon.  

 

  • STEIERMARK - er eit område som er best egna for kvitvinar. Området ligg noko høgare oppe enn Burgenland og har difor noko kjølegare klima. Av druetypar er det dei grøne sauvignon blanc og morillon (chardonnay) som dominerer kvalitetsproduksjonen. Dei tilbyr to stilar: ein moderne, fatgjæra stil og ein tradisjonell stil utan fat.          

Gutta krutt med tatoveringar lærte meg masse, og introduserte meg til grüner veltliner. Ei rekke fisk- og skaldyrrettar har fylde, friskheit og aroma som lett kan kombinerast med vinen. Det var difor svært gledeleg då Vinmonopolet fekk opp augo for Austerrike og tok inn meir vin frå dette "up-and-coming" vinlandet! 

 

Last gjerne ned mine tips under: