Anniken England

Topp 4 dessertar til jul

Anniken England
Topp 4 dessertar til jul

Har du lyst på ein frisk dessert i jula?

Svaret er Sitron terte med italiensk marengs

Ein sitron terte har ein frisk og god smak som er eitt ypparleg alternativ om du ikkje vil ha ein tunge dessert.

Sitron terte kan du gjerne lage nokre dagar i forvegen, då har du desserten alt på plass. Konditoren Linn frå Kokken og Konditoren gir deg ei oppskrift du gjerne vil prøve deg på. 

acid-bright-citrus-1414110.jpg

Oppskrift på Sitron Terte

Paibunn (til 4 små paier):

112 gr. kveitemjøl

40 gr.   melis

62,5 gr. meierismør

½ stk.    egg

 

Framgangsmåte:

Temperer smøret og rør alt saman i ein bolle. Kna deigen godt og pakk den i plastfolie. For best mogleg resultat let du den ligge kjøleg i minimum 30 minutt.

Kjevle ut deigen tynt, hugs å dryss med kveitemjøl.

Ha deigen i ei paiform, legg eit bakepapir over deigen og ha tørka erter oppå bakepapiret. Steik på paideigen på 160 grader i 10 minutt, ta vekk bakepapir og ertene, og steik den vidare i 5 minutt til.

 

Sitronkrem:

4 stk.   egg

200 gr. sukker

1,5 dl   sitron

125 gr. fløyte

 

Framgangsmåte:

Ha alle ingrediensane i ein bolle og bland alt med ein stavmiksar.

Ha sitronkremen på den forstekte paibunnen, og stein alt på 120 grader i 30 minutt. Du kan sjekke at den er klar ved å riste på forma, konsistensen skal vere geleaktig

 

Italiensk marengs:

120 gr.  eggekvite

40 gr.  sukker

200 gr. sukker

1 dl       vann

 

Framgangsmåte:

Pisk eggekviten og 40 gram sukker halvstivt på middels lav hastigheit, bruk stålbolle og stålvisp.

Kok opp 200 gr. sukker og vatn, rett før det begynner å bli gyllent (ideelt sett 120 grader, men ikkje alle har sukkertermometer), den skal ikkje ha farge, så rett før.

Det er viktig at sukkeret har høg nok temperatur, eller så går ikkje dette bra.

Spe sukkeret inn i eggekviten i ei tynn stråle, skru opp hastigheita litt. La marengsen piskast til den blir kald/romtemperert.

Før servering sprøyter du italiensk margens på terten og brenner av med gassbrenner.

Vil du ha fleire juledessertar?

Dei andre dessertane finner du her.