Anniken England

Anniken England
      Naturvinsmesse i Bergen 29.november 2018   Det er utruleg kva fermentert druejuice kan gjere med ein. Rein druejuice utan tilsetting av kunstgjødsel eller sprøytemiddel kan gi deg den ekte smaken av druer.     I godt lag kjem også den gode samtalen, og, i mitt tilfelle, dei kreative ideane.    PétNatt  er ikkje noko unntak.   Ettersom Bergen fekk tidleg status som Noregs naturvinby, er det på sin plass at publikum får eit tilbod og ei innføring i denne vinkategorien – sjølv om vi er nokre år på etterskot.    Ikkje berre er det frodig mellom dei sju fjell, men det er også plass til å tenke nytt.   Difor er det  på tide å arrangere naturvinmessa,  PétNatt , igjen for publikum. Den går av stabelen torsdag 29.november 2018 på Grand.      
 
	 ja, takk 
     

  

  	
       
      
         
          
             
                  
             
          

          

         
      
       
    

  


      Opplegget er enkelt:  vi begynner kl.1800, der åtte forskjellige importørar har 100 forskjellige vinar å by på.   Der kan du stille så banale, gode og/eller lure spørsmål som du måtte ha, mens du smakar deg gjennom dei naturlege dråpane.    Så er du nyfiken på kva som ligg i omgrep som ”oransje”, ”ufiltrert”, ”skallkontakt”, ”whole bunches”, ”juicy”, ”fønki” eller berre tykkjer du at VIN ER KJEKT, då har vi eit arrangement som passar deg.    I tre timar får du moglegheita til å smake på masse digg vin.  Om du ikkje er blant dei heldige som har fått kjøpt billett vil eg anbefale deg å vere tidleg ute.     (P.S. Ver realistisk, så snart du er inne vil du ikkje ut igjen – ver der derfor i tide)      
 
	 Billett her 
     

  

  	
       
      
         
          
             
                  
             
          

          

         
      
       
    

  


     ….. i Firenze drakk eg vin (ikkje ein naturvin, heller ein vin som var proppfull av sprøytesaker).   Digg? Tja, ikkje akkurat magi på ei flaske.   Heilt innafor til sitt bruk og super til pizza - men takk og lov for meir naturlege saker!

Naturvinsmesse i Bergen 29.november 2018

Det er utruleg kva fermentert druejuice kan gjere med ein. Rein druejuice utan tilsetting av kunstgjødsel eller sprøytemiddel kan gi deg den ekte smaken av druer.  

I godt lag kjem også den gode samtalen, og, i mitt tilfelle, dei kreative ideane. 

PétNatt er ikkje noko unntak.

Ettersom Bergen fekk tidleg status som Noregs naturvinby, er det på sin plass at publikum får eit tilbod og ei innføring i denne vinkategorien – sjølv om vi er nokre år på etterskot.  

Ikkje berre er det frodig mellom dei sju fjell, men det er også plass til å tenke nytt. 

Difor er det  på tide å arrangere naturvinmessa, PétNatt, igjen for publikum. Den går av stabelen torsdag 29.november 2018 på Grand. 

IMG-5403.JPG

Opplegget er enkelt: vi begynner kl.1800, der åtte forskjellige importørar har 100 forskjellige vinar å by på.

Der kan du stille så banale, gode og/eller lure spørsmål som du måtte ha, mens du smakar deg gjennom dei naturlege dråpane.  

Så er du nyfiken på kva som ligg i omgrep som ”oransje”, ”ufiltrert”, ”skallkontakt”, ”whole bunches”, ”juicy”, ”fønki” eller berre tykkjer du at VIN ER KJEKT, då har vi eit arrangement som passar deg.  

I tre timar får du moglegheita til å smake på masse digg vin.

Om du ikkje er blant dei heldige som har fått kjøpt billett vil eg anbefale deg å vere tidleg ute.   

(P.S. Ver realistisk, så snart du er inne vil du ikkje ut igjen – ver der derfor i tide) 

IMG-5395.JPG

….. i Firenze drakk eg vin (ikkje ein naturvin, heller ein vin som var proppfull av sprøytesaker).

Digg? Tja, ikkje akkurat magi på ei flaske.

Heilt innafor til sitt bruk og super til pizza - men takk og lov for meir naturlege saker!

IMG-5470.JPG