Anniken England

Kan  Champagne verkeleg forsvare prisen?

Anniken England
Kan  Champagne verkeleg forsvare prisen?

 Vi kan boltre oss  i  store viner frå  mangt eit verdshjørne, men når det kjem til bobler er det ingenting som kan samanliknas med Frankrikes beste musserende frå Champagne. 

Prisen kan vere stiv, er den verkeleg verdt det?   

Ringer det ei bjelle når eg seier Valdobbiadene  Prosecco  Sub Brut frå Italia? Den grøne flaska med Prosecco som står taktisk plassert i Vinmonopolets hyller, og gjerne i fleire pallar like ved (av praktisk årsaker)? 

I  2017  var  det  berre ein musserende vin som fekk innpass på  Vinmonopolets  topp 20  best selgare,  ingen andre  enn  Valdobbiadene  Prosecco  Sub Brut fra Italia. Med sine 457.482 liter  solgt i 2017  er  dei  i særklasse kva angår volum. 

Det betyr at mann  i gata har funnet ein ny favoritt,  nemleg  Prosecco. 

AnnikenEngland-134.jpg

Akkurat årsaken til den store interessa er  det  vanskeleg å påpeke,  men  kanskje skyldast det  at  Prosecco  er  ein  enklare vin å like enn dei mange konsentrerte og komplekse Champagnane på marknaden?   

Vinmonopolet kan også vise til at vi i 2018  starta å drikke kvitvin og musserende vin  langt tidlegare på året enn før. I salstala frå mars  2018  er det musserende frå Frankrike som aukar mest og det med heile 30,5 %,  mot 21,1 % for italienske  musserende. 

Det kan tyde på at dei italienske  musserende vinane, spesielt  Prosecco, har introdusert majoriteten av nordmenn til bobler, men at  mange   søker  over  mot  Crémant,  Cava, Champagne  og  musserende viner frå andre deler av verda.    

For å få eit betre bilde  av  opphavet til Champagne og bakgrunnen for deira fenomenale bobler,  skal vi  sjå  tilbake på når det heile  starta, samt ta ein kikk på  områdets karakter  og  boblene du bør teste ut.

I denne veka skal vi ta for oss Champagne. 

Før du får neste sak servert kan du bli betre kjent med kva som er skilnaden på Prosecco, Cremant, Cava og Champagne i videoen under. Legg inn namn og mail, så får du videoen servert og anbefalte vinar servert på mail - dei vil eg anbefale deg å bestille til helga!

La det boble kvar dag!   

AnnikenEngland-131.jpg
AnnikenEngland-103.jpg