Anniken England

Besøk alle siderprodusentane i Hardanger!

Anniken England
Besøk alle siderprodusentane i Hardanger!

Du forstår sikkert kor ivrig eg er etter å informere deg om utviklinga til sider.

Sjølv om vi berre har utforska Hardanger den siste tida, har vi iløpet av det siste året sett potensialet og kva utviklinga alle produsentane har hatt i Norge. Som tidlegare nemt er all informasjonen om produsentane i Hardanger fordi det er nærmare Bergen og vår kobling starta der.

I heile Norge har sider ei fenominal utvikling, noko som eg vil anta berre kjem til å auke då forholda ligger til rette og du har fått augo opp for sider.

IMG_4559 2.jpg

Kvifor er sider verdt å få med seg?

Det viser seg at store delar av verda vert meir oppteken av kva dei puttar i kroppen. Ein ynskjer gjerne at produkta skal ha naturlege råvarer, lite tilsetting av andre stoff, bli produsert lokalt, ha lågare alkohol og ha ekte aroma.

Eg vil anta at trenda heng saman med eit auka fokus på kropp og helsa, og det å faktisk kunne nyte alkohol litt oftare. Med eit lågare innhald av alkohol kan ein nyte sider oftare og ein kan ta fleire glas.

Fordelen for norsk sider er at dei treffer på alle punkta.

Hardanger er verdt eit besøk

Pucnheurs fyrste besøk i Hardanger hjå alle siderprodusentane vart vi svært begeistra for naturen, kvar produsent og at vi måtte ta to ferjer for å besøke alle på ein dag. Produsentane låg ikkje akkurat eit steinkast unna kvarandre.

Når ein setter seg i bilen og køyrer frå ein produsent til neste oppdagar ein også kva lokasjon, jordsmonn, ideelle forhold for eple og produksjonen har å sei for det ferdige resultatet. Variasjonen frå dei enkelte er per i dag svært stor.

 Vi køyrde frå Bergen til Hardanger og besøkte 8 siderprodusentar som vi har jobba med den siste tida.

Vi køyrde frå Bergen til Hardanger og besøkte 8 siderprodusentar som vi har jobba med den siste tida.

Om du ynskjer å besøke Hardanger og dei enkelte produsentane har eg lagt ved kart og informasjon her under.

IMG_4750.jpg

  1. Ulvik Frukt- & Cideri ved Asbjørn Børsheim
    Asbjørn har jobba i mange år for å vekke nysgjerrigheita til sider, utviklinga av produktet og fronte norsk sider i utlandet. Han har eit stort utval av sider og er ekstremt dyktig på smak. Alle produkta hans passar godt til mat og drikke aleine.

  2. Hardanger Saft- og Siderabrikk ved Nils J. Lekve
    Nils er grunderen av dei alle og har vore svært oppteken av å treffe sideren som publikum vil han. I nesten 10 år har hans sider vore tilgjengeleg på Vinmonopolet og har er karen som også leikar med produksjon av diverse brennevinsprodukt. I dag har han også fått inn ein siderboks på Vinmonoplet som er ei flott introduksjon til den som er skeptisk til sider.

  3. Heldre Sider, Helleland Gard ved Olav Helleland

    Olav er ein ivirg siderprodusent som har utforska den musserande varianten som får noko høgare alkohol. Vi har følgt med på deira siderar og testa til ulike matrettar. Det som varkeleg imponerte var at sideren deira passar perfekt til rikare rettar, som til dømes kjøt, og gjerne skifte ut denne sideren med andre musserande vinar.

  4. Aga Sideri ved Joar Aga

    Les meir om Joar Aga her.

  5. Hardanger Cideri Sjur Jåstad
    Les meir om Sjur, Terje og Guro her.

  6. Åkre Gård ved Gjermund
    Både Gjermund og Arita har bakgrunn som kjemikarar. Dei lagar nymoderne sider der dei leikar med bruk av most, framstilling og potensialet for verkeleg konsentrert most. Noko som utmerkar seg ekstra er dei sider på 12 prosent som er most som er frose ned, fjerne vatn og deretter gjæra den konsentrerte mosten.

IMG_4602.jpg
IMG_3549.jpg

8. Spilde Sider ved Jane og Geir Henning
I fleire år har Jane og Geir laga eplemost av strålande kvalitet. Den siste tida har dei jobba med å utvikle sider på naturgjær. Vi fekk teste ut fleire av deira produkt og her var det fleire saker som fekk oss til å drøyme om det ferige resultate. Framtida her vert skikkeleg spanande å følgje.

Eg har kort oppsummert dei 8 siderprodusentane vi har jobba med den siste tida. Det er nok fleire som produserer i Hardanger, men desse har vi ikkje blitt kjent med heilt enda.

Det som eg vil påpeike er at alle produsentane som er nemde her gjer ein veldig god jobb. Berre på det siste året har det skjedd ei utruleg utvikling til eit allereie godt produkt. Du bør få augo opp for sider og dens potensial til mat.