Anniken England

Kraftkar og morellvin

Anniken England
Kraftkar og morellvin

Under Bergen Matfestival

fant ost og sider kvarandre

Alle siderprodusentane frå Hardanger var representert under Bergen Matfestival 2018. I same telt kunne ein også finne ei rekke norske osteprodusentar som varma opp til oste-VM ( som skal vere i Bergen 2.-3.november). Er du klar over kor mange ostar vi har i Norge? Og kvaliteten på dei? Du vil bli overraska.

Med auka fokus på sider må vi alltid vere på leit etter nye optimale sider- og matkombinasjonar. Det var heilt naturleg å prøve så mange kombinasjonar som mogleg, noko vi gjorde.

Eg vil dele ein kombinasjon med deg som utmerka seg!

Hardanger Cider

Allereie i 1990 starta Sjur Jåstad Hardanger Cideri AS saman med eit par andre. Sideriet kom i gang, men etter nokre år slutta dei andre. Sjur fortsatte og i 2015 slo han seg saman med Innigo og produksjonen vart flytta til Aga.

Guro og Terje frå Innigo kom med på laget fordi dei ville vere med å vidareutvikle det Sjur allereie hadde starta. Framleis er dei to lærlingar under bryggerimeustar Sjur, men har mange idear og ynskje om vidare drift for Hardanger Cideri.

Trioen produserer eplemost, eddrik, syltetøy og morellvin. Morellvin, også kalla Sort Gull, er eit prosjekt Guro og Terje har leika seg med. Den er laga på 100 prosent moreller og det seier seg sjølv at frukta blir stor, varm og med låg syre. Då vi satte Sort Gull saman med blåmuggosten Kraftkar, den som vart kåra til verdens beste ost, skjedde det magi.

Blåmuggost og morellvin

Verdens beste ost, Kraftkar, og morellvinen til Hardanger Cideri var full klaff. For å sette vin eller drikke til blåmuggost må ein ha nok sødme, frukt og friskheit for å handtere det salte, fettet og bitterheita som skjer i munn. Det er inga tvil om at blåmuggosten, Kraftkar, er godt laga og kan vere krevande for den uerfarne, men med Sort Gull i munn er det berre triveleg. Vanlegvis setter ein Portvin til, men ein kan like finne noko lokalt, som Sort Gull.

Test det ut er alt eg har å sei!

IMG_4563.jpg
IMG_4559 2.jpg
IMG_4564.jpg