Anniken England

Dei beste raudvinane til Boeuf Bourgogne

Anniken England
Dei beste raudvinane til Boeuf Bourgogne

Har du oppdaga kor utruleg god ei gryte med Boeuf Bourgogne er?

Alt du treng er tid til å la gryta putle mens du nyt eit (eller to) glas med vin.

Den franske gryta stammar frå Burgund i Frankrike. Det er ei kraftig kjøtgryte som ein kokar i vin og er svaret på ekte fransk husmannskost. Hovudinngrediensane i gryta er storfekjøt, raudvin, kvitløk, timian, laurbærbland, hakka gulrot, tomatpuré og eventuelt kraft av eit slag. I tillegg bør ein ha sopp og sjalottlauk i.

Om du skal invitere til selskap eller lage ei gryte til berre å nyte, er akkurat denne gryta svaret.

Det store spørsmålet er kva ein skal drikke til. Klassisk er det sjølvsagt ein vin laga på drua Pinot Noir frå Burgund. Kanskje du ikkje har tenkt på det, men ein finner generelt ein god link mellom rettens opphav og vinen.

Kriteriane ein gjerne vil sjå etter er ein vin med god frukt, syre og integrerte tanninar. Vi gjorde ein test for ei tid tilbake der tre forskjellege vinar var representert; ein frå Frankrike, ein frå Spania og siste frå Italia. Etter å ha ete og drukke hadde vi sjølvsagt ei kåring.

Vinane var som følgje:

  1. Villa Burgundia Gamay-Pinot Noir som er ein fransk vin laga på primært Gamay, men også med Pinot Noir. Den ligger til 148, 00 kr

  2. Carussin Asinoi Barbera d'Asti 2017 som er ein italiensk Barbera frå Asti. Den ligger til 139,90 kr.

  3. Gaba do Xil Mencia 2015 som er ein spansk vin laga på drua Mencia, og er frå området Valdeorras. Den ligger til 173,90 kr.

Kva er din favoritt??

Bruk gjerne denne oppskrifta HER og finn din favoritt.

AnnikenEngland-189.jpg