Anniken England

Anbefalte bobler å bestille til helga

Anniken England
Anbefalte bobler å bestille til helga

Kan du tenke deg å starte helga med bobler på fredagen? Eg har nokre anbefalingar som du MÅ få med deg, bestill dei gjerne i dag. 

I 2017 var det berre éin musserende vin som fekk innpass på Vinmonopolets topp 20 bestselgare; ingen andre enn Valdobbiadene Prosecco Sub Brut frå Italia. Med sine 457.482 liter solgt i 2017 var dei i særklasse kva angår volum. Det betyr at mannen i gata hadde funnet ein ny favoritt, nemleg Prosecco. Akkurat årsaken til den store interessa er vanskeleg å påpeike, men kanskje skyldast det at Prosecco er ein enklare vin å like enn dei mange konsentrerte og komplekse Champagnane på marknaden?   

Vinmonopolet kan også vise til at vi i 2018 starta å drikke kvitvin og musserende vin langt tidlegare på året enn før. I salstala frå mars 2018 er det musserande frå Frankrike som aukar mest, med heile 30,5%, mot 21,1% for italienske musserande. Det kan tyde på at dei italienske musserande vinane, spesielt Prosecco, har introdusert majoriteten av nordmenn til bobler, men at mange no søker over mot Crémant, Champagne, Cava og musserande vinar frå andre deler av verda.    

For å få eit betre bilde av opphavet til Champagne og bakgrunnen for deira fenomenale bobler, skal vi sjå tilbake på når det heile starta, samt ta en kikk på områdets karakter og haldbarheit.   

0225.JPG

Historie      

Tilfeldigheita skulle gi opphavet til det vi i dag kjenner som Champagne. Opprinneleg vart det produsert stille vin i Champagne, men på 1600-talet skulle musserende vin danne grunnlaget for det unike ryktet og verdsomdømet området har i dag.   

Det er ingen som kan sette ein eksakt dato for ”fødselen” til musserende vin, men ein kald vinter skulle stoppe gjæringa og når våren kom ”vakna” gjæren til live igjen. Ein ny flaskegjæring utvikla ein lett perlande vin med CO2, noko som antakeleg kom frå den malolaktiske gjæringa eller frå restane av ugjæra sukker. Benediktinmunken Don (Pierre) Pérignon (1638-1715), er mannen som har fått ein stor del av æra for kvalitetsutviklinga av musserende vin.  

Då boblene var eit faktum vart rett glasflaske heilt sentral for å halde på trykket med CO2 som danna boblene. I tillegg har presisjonen av framstillingsprosessen, område der det er lovleg å produsere Champagne og gitte lover komme til. Interessa har også spreidde seg til andre land var det helt nødvendig å gi den omfattande framstillinga eit eiga namn, nemlig Méthode Traditionelle.   

  

Områdets karakter   

Det er fleire faktorar som er heilt sentrale for kvaliteten ein finner i Champagne, men ein av dei absolutt mest avgjerande faktorane er druene. Kva for druer som produserast er avhengig av kor ein befinner seg. Området Champagne deler vi nemleg inn i tre, der den kvite drua Chardonnay dominerer i Côte des Blancs, i det kjølege området Vallée de la Marneer det mest av den raude drua Pinot Menuier, mens det i Montagne de Reimser mykje raud Pinot Noir. Det kjølege klimaet generelt i Champagne gjer at modninga av druene varierer mykje frå år til år, i tillegg til at det normalt også sikrar eit høgare syrenivå i både druene og vinane.  

Kort kan ein karakterisere Chardonnay med friskheit, eleganse og eit klart aromabilde. Pinot noir bidreg med fylde og smaksrikdom, mens Pinot Meuier gir lettare vinar og er den drue som trivast best i det kjølege området i Vallée de la Marne. Sistnemnde er godt eigna som blandingsdrue og den gir 1% meir alkohol i mindre bra årganger og den held betre på syra i varme årganger.   

Dei tre druetypa som er nemnd ovanfor er dei mest brukte druene i Champagne, men det er også andre som er tillate. Deriblant dei tre druene Petit Meslier, Pinot Blanc og Arbanne, men dei er alle lite brukt.  

Lovene setter restriksjonar for maksimal presse av druas most. Maksimalt blir det presset 2.550 liter most av 4 000 kg druer i Champagne, og av desse kasserer ein ofte dei fyrste 50 literane då dei kan innehalde støv og skitt frå drueskalla. Dei neste 2.000 literane gir den beste mostkvaliteten, mens dei siste 500 literane utgjer ”halen”, la taille.  

Vinbesøk Stag´s Leap.jpg

Framstillingsmetode  

I 1994 vart det forbode av EU å nytte seg av namnet ”Champagnemetoden” for å beskrive framstillinga av musserende vin utanfor Champagne. Metoden for produksjon av Champagne går no under namnet tradisjonelle metode (Méthode Traditionelle). Den tradisjonelle metoden er reindyrka og nedfelt i lovgivning, noko som gjer produksjonen langt meir kostbar enn kva som er tilfellet ved produksjon av andre musserande viner andre stader i verda med deira rammer og vilkår. Når så den same framstillingsprosessen blir brukt andre stader i verda, for eksempel for ein Crémant eller Cava, kan ein altså ikkje skrive Champagne på etiketten då det namnet er områdebeskytta som følgje av EU-forbodet.   

Les meir om: To flasker igjen av årgangen 1825 frå Perrier Joüet.  

Perrier Jovet 2017  Photo Svein Lindin-9166.jpg

Økt interesse for bobler  

Interessa for bobler har økt betrakteleg i Norge, mykje takka vere Prosecco. Majoriteten av Prosecco på det norske markedet kan ikkje samanliknas med Champagne, noko som skyldast både ulikt klima, druemateriale og utføring. Dette reflekterast også i prisen på boblene.    

Generelt kan alle produsentane frå Champagne sette ein høgare pris fordi dei har sin opprinnelse innanfor det anerkjente området. Ein kan så stille seg spørsmål til kor vidt desse boblene faktisk er verdt prisen. Det ein gjerne kan trekke fram er at Champagnen produserast under strengare krav til framstillingsmetode, vanskelegare produksjonsforhold og strengare lover å forholde seg til, men der resultatet generelt vart meir komplekst, strukturert og konsentrert enn dei andre boblene.   

Ver klar over at variasjonen er stor, og ein skal difor ikkje gå med skuggelappar og oversjå dei mange andre stilane, områda og boblene ein kan velje mellom. Ver open for nye bobler, generelt de som er i mellomsjiktet mellom rein volumproduksjon og opp til Champagne – her finner ein langt meir enn ein kanskje skulle tru!  

0229.JPG

   

Desse vil eg anbefale deg:  

1.            Person l' Audacieuse  Brut.  Varenr. 8330201.  Smaksnotat:   Klar,  strågul med kompleks og svært aromatisk nase. Tydeleg preg av smørblomst, tørka  gul frukt, nøtter, brødbakst og lim. I munnen  er det ein fin  mousse, fin syre, lang utgang. Passer til:   Apéritif, spekemat og skalldyr. 

Pris:  437,50  kr . Terningkast:  6  Poeng:  92 

  

2.            Leclere  5  generation.  Varenr. 8330301.Smaksnotat:  Klar  strågul. Kompleks og aromatisk nase med preg av smørtonar, brødbakst  og  gule og raude eple. I munnen  har den god mousse, fin syre, god lengde og god konsentrasjon. Passer til:   Apéritif og skalldyr. 

Pris:  395,00  kr  Terningkast:  5  Poeng:  90

   

3.            Hunter's  Miru Miru  Non Vintage.  Varenr.  10018801.  Smaksnotat:   Klar, gul farge. Aromatisk nase med preg av gule eple, sitrus, smørtonar, kjeks og mineralitet. Frisk syre, god lengde og fin lengde. Passer til:  Apéritif og skalldyr. 

Pris:  200,40 kr Terningkast:  5  Poeng:  87

   

4.            Cecilia Brut NV.  Varenr.  8348101.  Smaksnotat: Klar, lys rosa farge.  Nasen er svært aromatisk med aroma av kjeks, raude friske jordbær, eple, sitrus og hint av tropisk gul frukt. Fin mousse, fin konsentrasjon og fin lengde. Passer til:  Apéritif, fisk, skalldyr, lyst kjøtt. 

Pris:  175,00  kr. Terningkast: 4  Poeng:  85 

   

5.            Nyetimber  Classic  Cuvee.  Varenr.  7345101.  Smaksnotat:  Lys klar. Aromatisk nase med preg av toast,  smørtonar,  karmaliserte  nøtter, gule eple og sitrus. I munn har den sprek syre, fin lengde og god konsentrasjon. Passer til:  Apéritif, fisk, skaldyr og spekemat. 

Pris:  389,40 kr.  Terningkast: 5  Poeng:  90