Anniken England

To flasker igjen av årgangen 1825

Anniken England
To flasker igjen av årgangen 1825

Dei må verken vere dyre eller over 100 år gamle for å nytast. Bobler er nesten alltid godt!

Likevel er det moro å høyre om kva som finst der ute og vissheita om at det faktisk er to flasker igjen av årgangen 1825 frå vinhuset  Perrier Joüet.

I 2009 skulle  éin av tre flasker frå Perrier  Joüet  1825 opnast og  nyast av 12 utvalde.  Sjølv med nesten 200 år på baken vart det fortalt at vinen fortsatt hadde nokre  bobler ved opning og gav ei smak av historie med aroma av sopp, sherry, karamell og trøffel.   

Perrier Jovet 2017  Photo Svein Lindin-9166.jpg

Paret, Rose  Adélaide  Joüet  og Pierre Nicolas Perrier,  stod bak vinhuset  Perrier Joüet. Dei starta vinhuset i 1811, eitt år etter  at  dei giftet seg.  Pierre kom frå ein familie med flere vinmarker i Champagne, mens Rose kom frå ein familie som produserte Calvados.   

Profil 2.jpg
Perrier Jovet 2017  Photo Svein Lindin-9154.jpg
Perrier Jovet 2017  Photo Svein Lindin-9250.jpg

I 1811 startet dei å produsere vin.  Dei fordelte oppgåvene seg i mellom, der Rose stod for vinmarkene og  vinifikasjonen, mens Perrier holdt  orden på markedsføring og sal. Det tok ikkje lang tid før dei begynte å eksportere til Storbritannia  og  USA, samt innførte betegnelsar som Brut og enkelvinmark.   

Kvaliteten kome tydeleg fram hjå Perrier-Joüet  då dei kan vise til flasker som nesten har holdt seg i 200 år og  fortsatt  inneheld  fenomenal juice.   

Det var ikkje bobler frå 1825 vi fekk smake på besøk til vinhuset  Perrier Joüet, men mykje anna godt. Les meir om turen her.

Perrier Jovet 2017  Photo Svein Lindin-9242.jpg
Perrier Jovet 2017  Photo Svein Lindin-9358.jpg