Eit nytt og betre liv? 

Eit nytt og betre liv? 

Alle dei nye vanane og rutinane er no satte og vi kan med handa på hjartet seie at vi er i gong med eit nytt og betre liv, eller?  

For kva inneber det, slik eigentleg?  

For mange betyr det å bannlyse alkoholen, berre ty til lettprodukt, og auke treningsmengda betrakteleg. Eller i alle fall melde seg inn på eit treningssenter...  

Slapp heilt av, du treng berre halde maska i ei veke til. På fredag lanserer Vinmonopolet ei rekke nyheiter du gjerne vil få med deg. Du kan allereie no laste ned mine beste tips frå smakinga i Oslo her:  

Og ja, du vil mest sannsynleg gå innom polet du også, beundre dei nye vinane og mest sannsynleg også plukke med deg nokre flasker heim.  

Enn så lenge får du halde maska og halde deg til måla.  

I mellomtida skal eg finne fram notatane og skrive meir utfyllande informasjon til deg. Her kan du vertfall plukke opp litt kunnskap, om du er av typen som ynskjer å vite litt om kva som skjer og kva ein bør vite.  

 

God måndag!