Kunsten å vere ei god vertinne

Kunsten å vere ei god vertinne

Systera mi er ein ypparleg vert, men ho er eit herk å forholde seg til under forberedelsane. 

A: Det er ingrediensane, så berre smakar du til.  

S: Nei, du må gi meg EKSAKT mengde.  

A: Too bad, det har eg ikkje. Stol på smaksløkane dine og ver bevisst på korleis du vil at det skal smake.   

For nokre er det å huse eit selskap ei sann glede, medan det for andre er eit reint mareritt. Ikkje berre skal ein opne opp huset, som gjerne inneberer å rydde, vaske og det som skal til (ein skal jo trass alt vise kor flott ein har det), men attpåtil skal ein prestere på mat- OG gjerne vinfronten. Alt dette fort resultere i at ein ikkje husar selskap i det heile – det blir for mykje styr. 

  

Mi syster og eg er heilt ulike når det kjem til organisering:  

  • Ho er ekstremt organisert, eg berre delvis. Men, fire ungar gjer vel noko med ein?   

  • Ho likar å planlegge alt til den minste detalj, eg lagar heller eit utgangspunkt for kva som skal/kan skje, og ser kva som skjer.   

  • Ho vil helst ha alt forutsigbart, det vil IKKJE eg. 

  • Osv.   

Lista over våre ulikheitar er lang, men kanskje er det nettopp difor vi fungerer så godt ilag og er eit bra team. Poenget er at Siri Beate (ja, dei måtte sette saman to namn) kan vere ein pest og ei plage når ho skal ha folk. Spesielt om eg har tipsa om kva menyen kan vere, kva ho kan servere av drikke og kva anna snadder ho kan ha på bordet. 

Men, det har vel heller aldri skjedd at ho har vore ei dårleg vertinne, for ja, alt er på stell og alt er planlagt ned til den minste detalj. 

Det å huse eit selskap kan også gi ein masse energi. Set fokuset på det å vere ilag og nyte god mat og drikke, framfor å ha alle «rammene» på plass.   

 

Følg denne lista, så skal du komme i land?:  

1.        Finn ut kven som skal komme 

2.        Bestem deg for maten 

3.        Lag handleliste, handle inn i god tid 

4.        Prøv å finne drikke som passar til, gjerne med og utan alkohol 

5.        Rydd og dekk bordet dagen før (om det er mogleg)  

6.        Ha ein tydleg plan på kor mykje tid du treng på maten, og gjer det du kan av forarbeid dagen før. 

 

På den måten kan du puste og ta det meir med ro på akkurat festdagen, og du kan vere meir tilstade som vert. Det viktigaste er trass alt å bruke mest mogeleg tid saman med dei du har invitert. 

Om du i tillegg vil ha inspirasjon til selskapsleik av typen som engasjerer alle til å delta i matlaginga, få tipsa tilsendt her. Vi brukte følgjande mal i Frankrike på nyttårsmiddagen. 

Mitt råd: ver meir sosial og inviter folk oftare heim eller ut.