Kvar et og drikk du i Paris?  

Kvar et og drikk du i Paris?  

Pling, pling.  

Eit spørsmål med så mange svar, heldigvis.    

Nokre dagar før snudde eg på hælane, og pakka veska, koffert og fann fram passet. Sjølv om invitasjonen kom nokre månadar før, er det helst i siste liten eg finner ut kva som passar meg, akkurat der og då. Midt i julefeiringa kjente eg at det var tid for å lette på vingene, fly ut og få nye opplevingar.  

Ein invitasjon til Frankrike var difor ikkje å forakte. 

Raskt plotta eg inn destinasjon, fant den beste avgangen og ikkje lenge etter var beina planta trygt i Paris. Det gir alltid ei letta og gledeleg kjensle. 

Dei fyrste dagane tilbragte vi i Villers-Cotterets, før Paris venta.   

Så kva er dine favorittplassar for å ete, drikke og leve i Paris? 

Sjølv har eg opp gjennom tida opplevd Paris på ulike måtar, alt etter kven eg er med og føremålet med turen. Denne gongen budde vi sentralt på eit tante-pose-aktig hotell med rosemalte veggar og lysekrone over senga. Attpåtil er det sjeldan eg opplever fransk hotellvertskap så bra, faktisk. Bestill gjerne direkte frå deira heimeside til ein kjekkare pris (namne; ). 

Les gjerne reisetipsa til Helleskitchen til dei nye bistroene og naturvinbarer. 

Le verre volé er ein naturvinbar som held til vel 30 min gange frå sentrumskjerna, i området République. På utsida såg den rimeleg stengt ut, men inne er det som regel bra med folk og god stemning. Her får du servert rågod mat og vin.   

I selskap med ei vinglad venninne er det ein fryd å vere omgitt av så mykje god vin frå produsentar som verkeleg legger sjela si i å produsere den beste, reinaste og mest ekte druejuicen. Attpåtil er det fint når betjeninga har fleire godsaker litt baki eit lokale. 

Her drakk vi flaska Thomas Popy Sous la Roche Maldru til ost, så enkelt og så himla godt!  

*** 

Med si arrogante haldning, ulike områder og eksepsjonelt bra måltid, er Frankrike og Paris ein klar favoritt å besøke, gong på gong. 

Men tru meg, du kan oppleve mykje dritdårleg både mat og service også, så kva er dine favorittar?