Alle må delta....

Alle må delta....

Eg var ikkje før komme inn døra før Synnøve kom med ei svart tavle med alle namna på.

Den fyrste tanken som slo meg var at dette kanskje var vel organisert til å vere ein middag når ein er på ferie. Dei tolv andre i huset var teama opp to og to der kvart team hadde fått tildelt ein rett til nyttårsmiddagen.    

Mi oppgåve var enkel; finn dei beste vinane til måltidet på seks rettar. Kriteriet: OK prisa, og tilgjengeleg på Supern i landsbyen. Eg har såpass erfaring med Supern rundt om i Europa at det ikkje alltid er like enkelt. Tilbodet er ikkje det same som det er på Vinmonopolet, kan eg bekrefte.   

Vi var plasserte i eit hus til ein kompis av meg i landsbyen Villers-Cotterets, vel 30 minutt køyring nordaust frå Paris. Her hadde vi mange etasjar, rom, stover og eit gult koseleg kjøkken i gamal fransk stil. Sjølv om det var litt slitt, gav heile huset ei spesiell varme, gjestfriheit og ein atmosfære av mykje glede.   

I tur og orden handla kvart lag inn sine råvarer, preppa maten og planla sin rett til serveringstidspunktet. Eg fekk ikkje smake rettane i førevegen, men fekk ei skildring. Det er ikkje alltid like enkelt å sette rett vin til berre ei generell skildring, spesielt om kombinasjonen mellom mat og vin skal vere tilnærma perfekt. Variasjonen av syre, salt, søtt og impulsivt tilbehøyr kan variere den totale smaken. 

Likevel, vi kom i mål OG det vart råbra!  

 

Menyen bestod av:  

  1.        Laksetatar med avokado og mango 
  2.       Grønsakssuppe ala Russland  
  3.       Aure  
  4.      Peruansk  
  5.        And  
  6.       Sitronterte 

Og sjølvsagt ost!  

pexels-photo-534160.jpeg

Om du skal ha venner, kollegaer eller familie på besøk, og du ynskjer å gjere noko saman er faktisk dette ein optimal måte å gjere det på. Ja, det krevjast litt ekstra organisering og styr, men det er så verdt det.   

Attpåtil kan det redusere bruken av tid framfor tven og heller auke samtalen og samhaldet med å gjere noko saman. 

Last ned ein enkel plan for korleis du kan huse den optimale selskapsleiken med at alle skal bidra litt.