Dåpsgåve?

Dåpsgåve?

Det er få gonger eg har vore meir stolt enn når det har komme nye familiemedlemmar. Ikkje mindre enn tre nevøar og tre nieser har det blitt. Mine to søsken har vore effektive dei siste 12 åra.  

For min del passar det ypparleg, då eg elskar tantetilveret. Kvar og ein av dei har sin personlegdom og sjarm.  

Dåpen er sjølvsagt viktig, men kva skal ei gi?  

Det er ei rekke tilpasse gåver ein kan lett plukke med seg, spesielt frå gullsmedbutikkane, som kniv, smykker osv.   

Sjølv har eg vore inne på tanken mange gonger med å gi dei noko vi kan dele når dei er myndige i ein alder av 18 år, eller eventuelt vente til dei er 20 år. Ei anledning eg og det då vaksne bornet kan dele ilag, gjerne med foreldre. 

Det unike med mange typar vin, whisky og den slags er at drikka vert betre med alderen. Ein kan difor gi noko som er frå året dåpsbornet vart fødd og som skal drikkast på 20-årsdagen.  

På 20-årsdagen kan ein dele minner, og kanskje mest interessant, sjå reaksjonen til jubilanten og dele ei viktig stund ilag.