Bryllaupsgåve?

Bryllaupsgåve?

Å få ta del i ein så stor dag er vakkert. Feiring av ekteskapet mellom to personar som elskar kvarandre er ei glede. Det er høgtideleg, unikt og rørande.  

Sjølv tenkjer eg sjeldan over feiringa i førevegen, ikkje anna enn på gåva, men i det ein ser brura i kjolen på veg opp midtgangen og seremonien ved alteret byrjar, tek tårene til å renne.  

Ikkje nok med det, men talane med velvalde ord som kjem som på perler på ei snor seinare på kvelden, der fjern og nær skildrar si kjærleik og omsut for kvarandre. Det er rett og slett vakkert!   

Så kva gir ein til paret? Paret har gjerne sett opp ei liste med ynskjer. Skal ein alltid følgje desse, eller kan ein vere ein liten rebell og stille opp med noko uventa?  

Eg tykkjer det er viktig å gi noko personleg, noko som viser kva dei betyr for meg. Kva enn dette skal vere er det inga regel for. Mitt beste tips er å gi noko som dei kan ha gleda av fram i tid, og då gjerne noko som dei kan nyte saman og minnast dagen då dei gav kvarandre sitt ja.  

På nettet kom eg over mange flotte og interessante forslag som eg sjølv ikkje hadde komme på, så her er det berre kreativiteten som set grenser. 

Det er vel ikkje overraskande kva eg vil gi; vin. No meiner eg ikkje kva som helst form for vin, men gjerne noko som dei kan drikke om 5 eller 10 år etter bryllaupsdagen. Paret kan nyte flaska på jubileet og mimre tilbake på dagen.  

For å gi dei ei forståing av produktet likar eg å skrive litt om produsenten, drua, landet og kva den passar til, saman med å dele noko personleg mellom oss.  

Sjølv om ein gjerne må vente, ventar ein ikkje forgjeves på noko godt.  

Om du er interessert i tips, eller ynskjer å sende? ein mail, kan du finne ytterlegare informasjon nedanfor.  

Ellers får du la deg inspirere av bileta under.