Til Herr og Fru

Til Herr og Fru

I helga feira eg kjærleiken for eit veldig spesielt par. 

Ingen reiser er like, og heller ikkje denne er eit unntak. Denne historia er vakker på godt og vondt - historia er sterk. Eg kan ikkje sei noko anna enn at eg var heldig som fekk vere vitne. 

Det er enkelt å takke ja til innbydelsen, komme seg til sermonien og gjennomføre feiringa, men kva skal ein gi?

Heldigvis kan ein finne lange lister med ynskjer frå brudeparet, for mange gjer dette valet enklare, men hugsar ein dei? 

Eg er stor tilhengjar av dei som har gjort seg opp ein tanke og gir noko som er frå dei, gjerne personleg. 

pexels-photo-136422.jpeg

Så ja, kva gav eg?

Tidlegare tips kan du lese her.

Overraskande nok vart det ei flaske vin, men det kjekke med vin er at utvalet og variasjonen er stor.

Tanken min var å gi noko som står meg nært og som eg veldig gjerne vil dele med dei. Difor ønskte eg å finne ein vin dei kan drikke om 5 år etter bryllaupet der dei kan minnast dagen og smile over tida fram til dagen. 

Eg sat meg ned med ei blokk, penn og pynt for å skrive nokre ord, dikt og sjølvsagt litt om den utvalde produsenten.  

Denne gongen handlar det om vinflaska Olek Bondonio Barbaresco Starderi 2014. 

Dei fekk ei flaske vin og ei lita bok med kloke ord, samt informasjon om produsenten. Innspel på kva ein kan skrive om produsenten: 

" Ein dyktig produsent? Sjølvsagt.

Olek sjølv tok over familiebedrifta i 2005, faktisk den fyrste i familien under egen etikett, og etablerte seg raskt som ein lovande produsent i Barbaresco.

Sanninga er at gården, La Berchialla, har vore i familien i vel 200 år. Ikkje spør meg kvifor, men dei planta faktisk ikkje vinplantene før vel 90 år sidan. Då kom den elskverdige drua dolcetto i jord.

Den litt meir krevjande drua, nebbiolo, vart planta i 1969. I vinflaska til brudeparet er det sjølvsgat drua, nebbiolo, som skal nytast. Drua er gjerne krevjande med det fyrste, men med eit par år lagring blir tanninane mjukare, frukta får vise seg tydlegare og det er ein fryd å drikke.

Før Olek byrja sal familien alle druene til kooperativet Produttori del Barbaresco som ligger berre 5 minutter unna deira gård.

Dei har jobba 100% økologisk og biodynamisk, og då etter tradisjonell filosofi.

Sanninga er at 2014 årgongen er den fyrste årgangen av denne supre barbarescoen, og det er berre produsert 2.000 flasker og av desse er det berre 390 som kom til Noreg.

Sist eg sjekka var det berre 150 flasker igjen på VMP…

Nyt fyrste glaset aleine og drikk gjerne resten til eit lammelår – ta fram bilder, video, kva enn di vil, og hugs denne strålande dagen! "

Så enkelt kan det gjerast! 

pexels-photo-121191.jpeg