Sauvignon blanc frå Spania

Sauvignon blanc frå Spania

Spania er så mykje meir enn sveitte, raudbrune nordmenn langs solkysten, i sin desperate søken etter sol og varme.

Eg er slett ikkje noko unntak, snarare tvert imot. Om sjansen byr seg, for å få seg ein tur til varmare strøk for å sleike litt sol, er eg ikkje vond å be.  

I heimbyen Bergen er dei nemleg kvote på sol. Som du sikkert har oppdaga tek Bergen stadig nye regnrekordar. Hurra…   

Så ja, Spania er ofte redninga for mange.  

Etter å ha hamra inn kredittkortinformasjonen på dataen, pakka alt for mykje klede og sparsommeleg handla med seg noko solkrem, er ein klar til å besøke Spania.  

Som tidlegare nemnt har Spania store variasjonar og masse sjel, sjølv om dei mindre kjende områda ofte er lite besøkt av oss nordmenn.  

Mine flottaste opplevingar har eg fått utanfor den tradisjonelle solkysten, les gjerne meir om San Sebastian, Madrid og Barcelona.   

Spania har ei rekke gode råvarer, mattradisjonar og ikkje minst drikkevarer.  

Når det kjem til vin er det hovudsakleg nord-Spania som er kjent, der aller helst Rioja har fått meykje merksemd. Oftast vil vinbøkene hovudsakleg fokusere på akkurat denne regionen.  

I Spania skjer det langt meir enn berre Rioja, utan at det nødvendigvis er noko nytt. Vinproduksjonen i landet har vore gjennom ei stor utvikling, som i alle andre land, men det er fyrst i løpet av dei siste åra der oppmerksamheita og tilgangen har blitt tilgjengeleg i Noreg.  

Ein produsent som har imponert meg er Bodega José Pariente i området Rueda. Produsenten har fleire godbitar, deriblant to vinar laga på drua sauvignon blanc, både tørr og søt.  

Historia deira byrja i 1960-talet då José tok til å produsere vin på drua verdejo, på vingarden i Rueda. Vinproduksjonen vart starta med ideell jord som gav ypparleg grunnlag for å lage vin. Dottera vart seinare med i vinproduksjonen.  

Det er primært vin laga på drua verdejo og som har vorte fabelaktige vinar. I tillegg kom drua sauvignon blanc til og viste seg frå ei ypparleg side, akkurat her.  

Den tørre José Pariente Sauvignon Blanc byr på aroma av mineralitet, sitrus og grøner urter. 

Eller om du er klar for ein dessertvin, gjerne til ein rabarbradessert, bør du prøve deira José Pariente Apasionado 2016 som gir tropisk frukt, gras og mineralitet.  

Med desse to anbefalte godbitane er det berre å prøve seg fram, gjerne med ein matbit til. Eventuelt tråle internett etter ein restplass til Spania.