Sancerre og chevre

Sancerre og chevre

Har du smakt dei saman? Og er du i så fall tilhengjar?  

Ein skal ikkje undervurdere tradisjonelle spesialitetar. Det er ein grunn til at vi i Noreg også har våre sære kombinasjonar mellom mat og vin som vi set ekstra pris på - dei gjer rett og slett nytten ilag.  

Akkurat slik er det også med denne kombinasjonen frå Loiredalen i Frankrike.  

Det er inga hemmelegheit at Loiredalen, som er kjent for sine ostar og vinar, er eit av mine favorittområder. Difor er det inga tilfeldigheit at det er nettopp chevre og sauvignon blanc vi skal sette saman i dag.  

Drua sauvignon blanc fasinerer meg stort, spesielt i kombinasjon med mat. For å oppnå ein optimal match må ein finne noko som samsvarar, og eg vil då anbefale deg å prøve norsk geitost.  

Du kan lese deg meir opp på drua sauvignon blanc her. 

Både geitosten og vin laga på drua sauvignon blanc har kraftig og karakteristisk smak, og passar soleis ypparleg saman.  

Drua har høgt innhald av syre, noko som er viktig mot krema ostar. Osten er mjuk og skarp i smak, og kan difor overkøyre mange vinar, men, som du vil merke, skremmer dette ikkje vin laga på sauvignon blanc.  

Difor har eg diska opp her med heimelaga knekkebrød, honning og geitost til sauvignon blanc.  

Om du er av typen som likar å ha ein godbit på lur, diske opp med litt småmat før eit måltid eller faktisk vil ha med noko kjekt i sekken på fjelltur, kan dette absolutt anbefalast.  

 

Knekkebrød med gamalost i til geitost: 

Oppskrift:  

1 del havregryn  

2 delar vatn 

1 klype salt 

Ein god bit med gamalost

Bland alt saman i ein kasserolle til det har blitt til ei blanding, og varm opp. Del gjerne gamalosten i mindre bitar før du tilsett den i gryta.  

La blandinga koke til den har ein jam konsistens. 

Fordel blandinga på eit steikebrett, og set den i omnen på 200 grader i 20-30 minuttar. Prøv å ha eit så tynt lag som mogleg. Halvveges i steiketida, deler du knekkebrøda i ruter. Pizzahjul er eit praktisk tips.   

Etter steiking, ta rutene ifrå kvarandre, gjerne snu dei, og ”tørk” dei på ca 100 grader varmluft, slik at dei blir sprø. 

Anbefaler å ha ost og honning til.  

 

Tips til fjells:  

Om du ynskjer å ha med noko ekstra godt til fjells, snu deg rundt å ta med noko anna enn standard nøttemix som snacks. Du kan enten lage knekkebrød i førevegen, pakke med ein pakke geitost og honning, eller finne ein baguette, gjerne varme den litt på panna, og nyte den til eit glas sauvignon blanc.  

Sjå videoen under, kanskje du blir inspirert? Det blir eg.